Lesotho er eit konstitusjonelt monarki, men makta til kongen er likevel sterkt avgrensa. Den utøvande makta ligg i hendene på ei regjering leia av ein statsminister med utspring i eit demokratisk vald parlament. Det siste parlamentsvalet fann stad i 2007. Her fekk det regjerande Lesotho Congress for Democracy (LCD) reint fleirtal for tredje gong. Dette partiet, under leiing av Pakalitha Mosisili, vann også parlamentsvala i 1998 og 2002.
Som ved dei førre vala ga også valresultatet i 2007 opphav til politisk uro og konflikt mellom valvinnaren og dei mange opposisjonspartia. LCD blei skulda for å ha utnytta og manipulert ei komplisert valordning til eiga vinning. Den regionale samarbeidsorganisasjonen, SADC, utnemnde den tidlegare presidenten i Botswana, Kwetumile Masire, til meklar, men i 2009 ga han opp i frustrasjon og skulda regjeringspartiet for å vise manglande vilje til å komme kritikarar og opposisjon i møte. SADC har halde fram med forsøk på mekling, ved sida av lokale initiativ gjennom kyrkjene, men ingen ventar raske resultat eller noen endringar i valresultatet frå 2007. Fokuset vil venteleg snart bli retta mot eit forventa kommuneval i 2010 og det neste parlamentsvalet i 2012. Kanskje vil visse endringar i vallova fjerne grunnlag for mistanke om manipulering.
Trass i desse politiske konfliktane på topplanet har Lesotho vore relativt stabilt det siste tiåret, sidan ein dårleg gjennomført militær intervensjon frå Sør-Afrika og Botswana slo ned det politiske opprøret etter valet i 1998. Lesotho har relativt høg score på indeksar over politisk fridom og deltaking. Dei politiske skiljelinjene mellom dei politiske partia er også små og vanskelege å få auge på. Personleg rivalisering og fraksjonar bygd opp rundt dette er ofte eit meir framståande trekk ved den politiske kulturen i landet. Det største opposisjonspartiet (utbrytarar frå regjeringspartiet), All Basotho Convention (ABC), har si sterkaste oppslutning i byane, mens regjeringspartiet dominerer på landsbygda.
Økonomi og levekår
Lesotho tilhører gruppa av ”minst utvikla land” og har ein svært omfattande fattigdom blant sine nær 1,9 millionar innbyggarar. Hiv- og aidsepidemien er markant og ein reknar med at mest ein fjerdedel av den vaksne befolkninga er smitta. Eit barn fødd i 2009 har i dag – som følgje av dette – ein forventa levealder på 45,5 år. Det er blant dei lågaste i verden.
Hiv og aids bidrar også til den fallande matvareproduksjonen i landet og til at stadig færre hushaldningar kan brødfø seg sjølve. Matvareproduksjonen har vore jamt fallande og er samtidig svært sårbar for økologiske svingingar. Dårleg jordkvalitet, erosjon og eit klima som svingar frå tørke til ekstrem kulde har kraftig redusert landbruket si evne til å skape arbeid og inntekt. Mest ein fjerdedel av befolkninga måtte ha matvarehjelp i 2009-2010-sesongen. 70 prosent av befolkninga har tilhald på landsbygda.
Utdanningsnivået er likevel noe høgare enn i tilsvarande fattige land i Afrika, noe som bidrar til at Lesotho ligg høgare på levekårsindeksen til FN enn dei aller fattigaste (på plass 156, eller på 26. plass om ein reknar frå botn). Styresmaktene i Lesotho har gjennom mange år satsa sterkt på å bygge ut utdanningsvesenet.
Historisk har økonomien og levekåra i Lesotho vore intimt knytt til inntekter frå migrantarbeid i Sør-Afrika, særleg innan gruvesektoren. Framleis er det mange som er sysselsett der, men omfanget har blitt jamt redusert sidan tidleg på 1990-talet. I 2005 var nærmare 50 000 arbeidarar frå Lesotho sysselsett i sørafrikansk gruveindustri. Ein reknar likevel med at rundt 250 000 borgarar av Lesotho bur i Sør-Afrika. Det er kanskje fleire som har lønnsinntekt i Sør-Afrika enn i Lesotho! Lesotho får også store økonomiske overføringar frå Sør-Afrika gjennom tollunionen mellom Botswana, Lesotho, Namibia, Sør-Afrika og Swaziland. Det er ei stor inntektskjelde på statsbudsjettet, men er forventa å bli redusert framover, blant anna som følgje av lågare toll.
Tekstilproduksjon og gruvedrift (diamantar) har vore den viktigaste drivkrafta bak den økonomiske veksten dei siste åra. Begge har blitt råka av den internasjonale finanskrisa. Størst er utfordringa for tekstilindustrien som også sysselsett mange. Oppdaginga av nye diamantførekomstar gjer utsiktene lysare for gruveindustrien.
Utbygging og eksport av vassressursar til Sør-Afrika var den viktigaste økonomiske drivkrafta på 1990-talet. Gigantprosjektet Lesotho Highlands Water Project starta i 1986 som eit fellesprosjekt med Sør-Afrika. Utbygginga av desse ressursane i Lesotho skulle sørgje for eksport av vatn til Gauteng-provinsen. Første fase er sluttført og nå står ein framfor oppstart av fase 2. Det vil gi stort oppsving for bygg- og anleggssektoren samt nye store inntekter til Lesotho når prosjektet er ferdig.
Lesotho i det sørlege Afrika
Utviklinga i Lesotho vil vere intimt knytt til økonomisk og politisk utvikling hos den mektige naboen – Sør-Afrika. Her blir mange viktige rammevilkår for utvikling og fattigdomsreduksjon lagt. Dei politiske relasjonane til Sør-Afrika er da også svært tette. Sør-Afrika har også spilt ei viktig rolle i å legge grunnlaget for politisk stabilisering i landet etter invasjonen i 1998. Sør-Afrika har tatt mål av seg til å gi Lesotho dei nødvendige ressursar for å skape ei betre økonomisk utvikling i landet og redusere fattigdommen. Det har til nå gitt mindre resultat.
I desember 2009 rykka politisjefen i Sør-Afrika ut og karakteriserte Lesotho som eit sentrum for narkotikasmugling og kvegtjuveri. Det illustrerer også at også mektige Sør-Afrika er sårbar for utviklinga hos den vesle naboen.
Landfakta:
Areal: 30 355 km2 (43. størst)
Folketall: 2 millioner
Befolkningstetthet per km2: 68
Urban befolkning: 25 prosent
Største by: Maseru - ca. 211 000
BNP per innbygger: 789 USD
Økonomisk vekst: 3,5 prosent
HDI-plassering: 156