Lesotho er eit konstitusjonelt demokrati, men makta til kongen er likevel sterkt avgrensa. Den utøvande makta ligg i hendene på ei regjering leia av ein statsminister med utspring i eit demokratisk vald parlament. Det siste parlamentsvalet fann stad i mai 2002. Her fekk det regjerande /k/Lesotho Congress for Democracy (LCD)/k/ reint fleirtal for andre gong (dei vann også det førre valet i 1998), men denne gongen fekk resultatet allmenn tilslutning og markerte starten på ei periode med politisk stabilisering i det vesle fjellandet.
Ein større reform i valordninga – der Sør-Afrika spelte ei viktig rolle som tilretteleggar – gir mye av forklaringa. Ved valet i 1998 fekk det nye LCD overraskande 65 prosent av røystene og 78 av dei 80 representantane i parlamentet. Det utløyste eit politisk opprør, der den politiske opposisjonen med tette band til dei militære anklaga LCD for omfattande valfusk. Til slutt gjekk Sør-Afrika, i samarbeid med Botswana, til ein dårleg planlagt militær intervensjon for å skape ro i landet.
Ei viss politisk ro
Den militære intervensjonen førte likevel til ei viss politisk ro i landet, som igjen gjorde det mogleg å få på plass ein ny og meir rettferdig vallov. Ved valet i mai 2002 fekk LCD 55 prosent av røystene og eit fleirtal i parlamentet med 79 av 120 representantar. Ni opposisjonsparti delte dei 41 andre plassane. Det største, Basotho National Party, fekk 22 prosent av røystene og 21 representantar. Dette – saman med dyktig leiarskap frå statsminister Pakalitha Mosisili – la grunnlaget for politisk stabilisering. Ved det første kommunevalet i landet – i april 2005 – konsoliderte LCD maktposisjonen sin ytterlegare og fekk 76 prosent av representantane. Opposisjonspartia fekk 6 prosent, mens 18 prosent av dei valde representantane var uavhengige.
Oppslutninga ved kommunevalet var likevel dårleg. Berre 30 prosent av dei registrerte veljarane deltok, og under 20 prosent i hovudstaden Maseru stemte, noko som understrekar at ein ser ein veksande apati blant veljarane. Dei politiske skiljelinjene mellom partia er også små og vanskelege å få auge på. Personleg rivalisering og fraksjonar bygd opp rundt dette er ofte eit meir framståande trekk ved den politiske kulturen i landet.
Migrantarbeid og vasskraft
Lesotho tilhører gruppa av minst utvikla land (MUL) og har ein svært omfattande fattigdom blant sine 1,8 millionar innbyggarar. Hiv/Aids-epidemien er markant, og ein reknar med at mest 30 prosent av alle mellom 15 og 49 år er smitta (2004). I Maseru er omfanget av smitta vurdert til 40 prosent i denne gruppa. Det er rundt 70.000 foreldrelause barn som følgje av sjukdommen.
Historisk har økonomien og levekåra i Lesotho vore intimt knytt til inntekter frå migrantarbeid i Sør-Afrika, særleg innan gruvesektoren. Framleis er det mange som er sysselsett der, men omfanget har blitt jamt redusert sidan tidleg på 1990-talet. I 2005 var nærmare 50.000 arbeidarar frå Lesotho sysselsett i sørafrikansk gruveindustri.
Utbygging og eksport av vassressursar til Sør-Afrika blei ei viktig økonomisk drivkraft på 1990-talet. Gigantprosjektet Lesotho Highlands Water Project starta i 1986 som eit fellesprosjekt med Sør-Afrika. Utbygginga av desse ressursane i Lesotho skulle sørgje for eksport av vatn til Gauteng-provinsen i Sør-Afrika, samtidig som Lesotho skulle få dekka energibehovet sitt. På sikt kan og Lesotho bli ein krafteksportør.
Kinesiske investeringar
Dei siste åra har den mest dramatiske veksten vore knytt til industriproduksjon for eksport. Utanlandske selskap – med hovudtyngda frå Kina – har dei siste åra etablert seg i Lesotho for å drive produksjon av kler og konfeksjon til den amerikanske marknaden. Under den amerikanske African Growth and Opportunity Act fekk kler produsert i Lesotho toll- og kvotefri tilgang til USA. I toppåret 2004 var heile 50.000 sysselsett i denne sektoren. Men eksporten sank dramatisk året etter, og sysselsettinga var nede i rundt 35.000 ved utgangen av 2005.
Dette hadde dels si årsak i den høge verdien på sørafrikanske rand som gjorde kostnadane høge, men framfor alt sprang det ut av opphøret av den internasjonale multifiber-avtalen som la kvotebegrensingar på importen frå Kina. Med det blei produksjon i Lesotho mindre attraktivt for mange kinesiske selskap. Utover i 2006 har likevel sysselsettinga tatt seg vesentleg opp igjen, blant anna som følgje av ulike tiltak frå styresmaktene – skattefritak på alle eksportinntekter, gunstige lån til investeringar, med meire.
Landbruket er likevel den sektoren som skaper eit utkomme for dei fleste. Truleg har over halvparten av arbeidsstyrken tilhald her, men dei fleste produserer ikkje for sal, men berre til sjølvberging. Produksjonen har og vore jamt fallande og er samtidig svært sårbar for økologiske svingingar. Dårleg jordkvalitet, erosjon og eit klima som svingar frå tørke til ekstrem kulde har redusert landbruket si evne til å skape arbeid og inntekt kraftig. Hiv/aids-epidemien har også dramatisk svekka mange hushald si evne til å brødfø seg sjølve gjennom sjølvbergingshushaldet.
Lesotho i det sørlege Afrika
Lesotho er tett integrert i det sørlege Afrika. Dei er omringa på alle kantar av den mektige naboen Sør-Afrika, som dei også er i ein monetær union med. Dei er med i tollunionen med Sør-Afrika, Namibia, Botswana og Swaziland, og er ein aktiv deltakar i det utviklingspolitiske samarbeidet i Southern African Development Community (SADC). Over 200.000 personar frå Lesotho er busett i Sør-Afrika. Det er truleg fleire frå Lesotho som har lønnsinntekt i Sør-Afrika enn i heimlandet!
Dei politiske relasjonane til Sør-Afrika er og svært tette. Sør-Afrika har også spilt ei viktig rolle i å legge grunnlaget for politisk stabilisering i landet etter invasjonen i 1998. Sør-Afrika har også tatt mål av seg til å gi Lesotho dei nødvendige ressursar for å skape ei betre økonomisk utvikling i landet og redusere fattigdommen. Det har til nå gitt mindre resultat og vil framleis vere den største utfordringa framover.