Afrika.no Meny

Landprofil 2006-2007

Tanzania

Tanzania har dei siste åra hatt ein stabilt god økonomisk vekst og ligg godt an til å oppfylle mange av Tusensårsmåla. Likevel er det langt igjen før ein har betra levekåra for folk flest og utsletta fattigdommen, særleg på landsbygda. Jakaya Mrisho Kikwete, Tanzania sin nye president, har lova å føre landet ut av ein avhengig og underutvikla økonomi, og å gjera fleire tanzanianarar i stand til å komme seg ut av fattigdommen. Dette er ambisiøse mål, men kanskje er landet i betre stand enn nokon gong til å klare utfordringane

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Politisk situasjon
President Benjamin William Mkapa fullførte sin andre presidentperiode ved valet i desember 2005, då det regjerande partiet Chama Cha Mapinduzi (CCM) igjen vann eit overveldande fleirtal. Denne gongen er det utanriksministeren frå Mkapa sin siste regjering, Jakaya Mrisho Kikwete, som tek over presidentsetet. Han har markert seg som ein handlekraftig president som på kort tid har blitt svært populær. Særleg har reorganiseringa av politiet og den tilsynelatande harde linja overfor korrupsjon gjort sitt til å auke befolkninga sin tillit til styresmaktene.
    
Etter valet i 2005 har parlamentet no heile 97 kvinnelege medlemmer (30 prosent) og det høgste talet på kvinnelege ministrar i Tanzania si historie. Det er no blant anna kvinnelege ministrar for høgt profilerte departement som finansdepartementet og utanriksdepartementet.
   
Tanzania har sidan 1992 hatt fleirpartival og har fått eit utval av politiske parti. Men opposisjonen er framleis svak og dårleg organisert. Ved valet i 2005 fekk det sitjande regjeringspartiet opp mot 80 prosent av stemmene. Resten av stemmene er fordelt på i alt 18 ulike parti, der det største opposisjonspartiet er Civic United Front (CUF), som står spesielt sterkt på Zanzibar. Observatørar konkluderte med at veljarane hadde eit reelt fritt val på fastlandet av Tanzania, men at dette i mindre grad stemte for valet på Zanzibar. Som ved tidlegare val, var det også i 2005 uro på Zanzibar. På Zanzibar blir det også rapportert om brot på ytringsfridom og organisasjonsfridom, i tillegg til rapportar om unødvendig maktbruk av politi og tryggingsstyrkar. 
   
Også på fastlandet er det problem i høve til ytringsfridomen. I 2005 la regjeringa ned restriksjonar på aktiviteten til organisasjonen HakiElimu, grunna deira kritikk av styresmaktene sin utdanningspolitikk. Etter regjeringsskiftet i slutten av 2005 har det komme signal på at desse restriksjonane vil bli oppheva.

Zanzibar-konflikten
Unionen frå 1964 mellom Tanganyika (fastlandet av Tanzania) og Zanzibar (øyane Unguja og Pemba) er framleis ein kime til konflikt mellom fastlandet og Zanzibar. Denne konflikten kjem særleg til overflata kvar gong det blir halde val – så også i 2005.
    
Forholdet mellom fastlandet og Zanzibar har lenge vore prega av mistru og misnøye. Folk på Zanzibar vil gjerne ha større sjølvstende, medan folk på fastlandet hevdar at Zanzibar får større utbytte frå unionen enn kva geografisk og folkemessig storleik skulle tilseie. Dei siste åra har det også blitt reist spørsmål om legaliteten til unionsavtalen. Ei gruppe på ti innbyggjarar frå Zanzibar har gått rettens veg for å vurdera legaliteten til unionen, ettersom dei hevdar at det ikkje finnes signerte avtalar om unionsdanninga.
    
Zanzibar har status som ein autonom stat, med unntak av det som unionen definerer som «union matters». Zanzibar har si eiga grunnlov og vallov, og sin eigen president for det som er definert som interne saker. I utgangspunktet var det ei liste på 11 saker som var definert som «union matters».  Denne lista har i ettertid vakse til 22 saker. I hovudsak er det saker relatert til forsvar, tryggleik og politi som er definert som «union matters». Regjeringa i Tanzania har vist lite interesse for å engasjere seg i menneskerettsspørsmål på Zanzibar, ettersom det ser ut til å vere ei stille semje om at det å beskytte og fremje menneskerettar ikkje er ein del av «union matters».
    
Valet i 2001 førte til uro som etterlet minst 31 drepne og 600 skadde. Samtalar mellom opposisjonspartiet CUF og det regjerande partiet CCM etter dette valet førte til ein avtale som endra vallovgivinga. Dette, i tillegg til oppmodingar frå både opposisjonspolitikarar og CCM-politikarar om å halda ro og orden under valet, kan ha ført til at valet i 2005 gjekk fredelegare for seg enn valet i 2001.
    
Den nye presidenten har uttalt at han er fast bestemt på å finna ei varig løysning på unionsproblema, og har blant anna fått i stand regelbundne møter mellom den tanzanianske statsministeren og den sjefsministeren for Zanzibar for å drøfta unionsspørsmål.

Sosiale forhold
Utdanning har vore eit prioritert område for Tanzania og landet ligg svært godt an (91 prosent dekning i 2005) i forhold til å nå Tusenårsmålet om universell grunnutdanning. Barnedød og død i samband med fødsel er dei områda der Tanzania ikkje ser ut til å kunne nå Tusenårsmåla. Tanzania er her blant dei verste landa i Afrika sør for Sahara. 112 av 1000 barn under 5 år døyr, noko som er langt unna Tusenårsmålet på 47 av 1000. I tillegg døyr nesten 6 av 1000 mødrer i samband med fødsel, og berre 46 prosent av fødslane i Tanzania blir gjennomført med kvalifisert helsepersonell til stades. Nye tal estimerer at 6,5 prosent av den vaksne befolkninga lever med hiv/aids i Tanzania. Over ein million born i landet har mista ein eller begge foreldra grunna aids.
    
Tanzania har, til tross for sterk økonomisk vekst dei siste åra, eit stort fattigdomsproblem. Dei siste tala viser at 58 prosent av befolkninga lever for under ein dollar dagen. Også på dette feltet ligg landet ikkje an til å nå Tusenårsmålet om halvering innan 2015. Situasjonen for dei fattige har i slutten av 2005 og i starten av 2006 blitt ytterlegare forverra på grunn av tørke og dermed reduserte avlingar i jordbruket. Dette har gitt kraftig auke i matprisane og kjøpekrafta til innbyggjarane har blitt vesentleg dårlegare. Tørken har også råka den vannkraft-avhengige straumforsyninga hardt og det har i periodar blitt innført rasjonering på straum på tolv timar kvar dag. Dette råkar også den generelle økonomiske utviklinga, ettersom ein del små og mellomstore verksemder enten har måtta stenge verksemda eller redusere produksjonen kraftig.
    
Kvinners rettar har gjennom lovverket blitt styrka dei siste tiåra med blant anna auka strafferammer for vald mot kvinner og valdtekt, samt at kvinner no har høvet til å arve og eige jord. Diverre har ikkje endringane i lovverket gitt den effekten som ein kunne håpa på. Det er mange årsaker til dette. Blant anna er tilgangen til juridisk assistanse dårleg, rettssaker går i hovudsak føre seg på engelsk som spesielt fattige kvinner utan utdanning ikkje meistrar, samt at det framleis blir praktisert lokale, religiøse og tradisjonelle lover som ikkje gir kvinner same rettane som det nasjonale lovverket gjer. I Tanzania er 18 prosent av kvinnene utsette for omskjæring, sjølv om dette er kriminalisert. Utbreiinga av denne praksisen varierer frå region til region. Arusha-regionen toppar, der er 81 prosent av kvinnene omskorne.
    
Vald mot kvinner er utbreidd og, til ein viss grad, akseptert. I følgje ei undersøking frå 2004 meiner 3 av 5 kvinner at mannen har rett til å utøve vald mot kvinna i gitte samanhengar. I følgje Verdas helseorganisasjon (WHO) har 41 prosent av kvinnene i Dar es Salaam opplevd varig valdsbruk frå ektefelle eller familie. Valdtekt innanfor ekteskapet er i Tanzania ikkje kriminalisert.

Avhengig av bistand
I følgje tala til regjeringa har Tanzania hatt ein stabilt god økonomisk vekst dei siste åra. Veksten har auka frå 5,7 prosent i 2003 til 6,8 prosent i 2005. Regjeringa har lagt fram eit ambisiøst statsbudsjett for 2006/07 der dei blant anna vil auka skatteinntaket med nær 20 prosent gjennom å auka talet på skattebetalarar og ved å betre organiseringa av skattevesenet.
    
Jordbruk er den klart største næringa i Tanzania. Den utgjer om lag 40 prosent av nasjonalproduktet og sysselset nær 80 prosent av befolkninga. Handel- og finanstenester utgjer 27 prosent, medan industrien utgjer så lite som 12,5 prosent av nasjonalproduktet. Jordbruksnæringa har hatt ein gjennomsnittleg vekst på i overkant av 5 prosent frå 2000 til 2005. Befolkningsveksten i perioden ligg på omlag 2 prosent per år, noko som gjer at veksten i jordbruket likevel ikkje har vore høg nok til å auka matvaretryggleiken nemneverdig.
    
Landet er framleis svært avhengig av bistand ettersom over 40 prosent av budsjettet er finansiert gjennom bistandsmidlar. Ein del sentrale donorar, med dei skandinaviske landa i spissen, har dei siste åra kanalisert større deler av bistanden som generell budsjettstøtte. Det er eit uttalt ønske frå regjeringa i Tanzania å få større delar av bistanden som budsjettstøtte. Slik bistand er meint å gi regjeringa større fridom og betre kontroll over utviklinga, i tillegg til å minka administrasjonsbøra som følgjer med den tradisjonelle prosjektstøtta.

Gjeld og privatisering
Tanzania si eksterne gjeld var i desember 2005 på om lag 7,9 milliardar amerikanske dollar, noko som tilsvarar 65 prosent av nasjonalproduktet. Gjennom HIPC gjeldssletta i 2001 har gjeldssituasjon blitt betra og blir no definert som berekraftig av Verdsbanken og IMF. Gjennom Multilateral Debt Relief Initiative (MDRI) vil den totale eksterne gjeldsbøra bli redusert med 45 prosent i perioden frå 2007 til 2044. Nokre større bilaterale låneaktørar har også indikert at dei vil gi gjeldsslette til Tanzania.
    
Det har blitt hevda at Tanzania vart pressa av Verdensbanken og IMF til privatisering av offentlege tenester for å få gjeldsslette. Blant anna vart det gjennomført ein prestisjetung privatiseringsprosess for vannforsyninga i Dar es Salaam, finansiert av Verdensbanken. Drifta av vannforsyninga vart tildelt ei britisk firma som forplikta seg til utbyggjing av vannrøyr, betring av vannkvaliteten og store investeringar for å betre vannforsyninga. Realitetane vart, i følgje den Tanzanianske regjeringa, at vannkvaliteten vart dårlegare, ingen vannrøyr vart bygd ut, prisane gjekk opp og minimalt med investeringar vart gjort. I mai 2005 vart avtalen kansellert av regjeringa.
   
Også andre offentlege tenester har blitt privatisert eller delprivatisert med varierande hell. Drifta av store statlege selskap som televerket (TTCL) og elektrisitetsverket (TANESCO) har blitt sett ut til private driftsselskap. For begge desse selskapa har regjeringa den siste tida slått fast at dei noverande driftskontraktane ikkje vil bli forlenga, grunna dårlege resultat så langt.

Utviklinga framover
Tanzania har dei siste åra arbeidd fram sin andre nasjonale strategi for vekst og reduksjon av fattigdom (PRSP) for dei neste fem åra, populært kalla MKUKUTA. Denne gongen vart strategien i større grad utvikla gjennom ein deltakande prosess og Tanzania blir rekna som eit føregangsland i regionen i forhold til nasjonalt og lokalt eigarskap. Målsetningane i MKUKUTA er på linje med Tusenårsmåla til FN og det er grunn til å vere optimistisk med tanke på kva Tanzania kan få til dei neste åra. Ei av hovudutfordringane til president Kikwete blir å omsetje den økonomiske veksten landet opplever til reduksjon av fattigdom, spesielt på landsbygda.

*Mikal Dahle er tidlegare styremedlem i Fellesrådet for Afrika og bor for tida i Tanzania.


Andre landprofiler:
2008-2009, 2002-2003, 2000-2001

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.