Bileta av jublande sør-sudanarar gjekk verda rundt for fem år sidan. Det var ikkje akkurat slik at alt berre var bra i Sør-Sudan den gongen, men det var få som trudde at landet fem år etterpå skulle vere prega av totalt kaos, bortimot null tryggleik og tusenvis av nye flyktningar.
Ille for utlendingar – verst for dei innfødde
Når me i dag summerer opp Sør-Sudans korte historie som sjølvstendig nasjon, så er «lykke» på ingen måte eit ord som kan skildre situasjonen. Det er mange som kan bli tildelt skulda for at det er slik, men størstedelen av ansvaret må landets to mektigaste menn ta på seg. Deira dårlege samarbeid og store ego har ført eit krigstrøtt sør-sudansk folk ut i meir naud og krig.
Internasjonale medium har blitt metta på «det har aldri vore verre enn no»-saker frå Sør-Sudan. Så historia som har prega overskriftene frå Sør-Sudan dei siste vekene er den rystande historia om dei utanlandske hjelpearbeidarane som vart angripne av regjeringa sine soldatar. Det er historia som får mest merksemd sjølv om situasjonen for dei innfødde er endå verre enn for utlendingar.
270 soldatar drepne
Hjelpearbeidarane som vart angripne har fortalt om då regjeringssoldatar i fleire timar utsette dei for vald, skyting og valdtekter. FN-soldatar som berre var nokre hundre meter unna skal ha blitt varsla raskt, utan at dei gjorde noko. Hendinga har i ettertid ført til nok ein storm av kritikk mot FN-operasjonen i Sør-Sudan, UNMISS.
Tryggingssituasjonen i Sør-Sudan har i sommar vore så dårleg at folk
knapt tør å bevege seg i gatene. Regjeringssoldatar, med eit forskrudd
syn på moral og ei livshistorie ein nordmann knapt kan forstå, har ikkje fått løn på mange månader. Slikt skapar livsfarlige situasjonar både for utanlandske hjelpearbeidarar og sør-sudanarar.
Journalistane har slutta å skrive at det ikkje kan bli verre enn det er no, for dei har tatt feil kvar gong.
Situasjonen er heile tida spent, men det kokte over i dagane rundt Sør-Sudans nasjonaldagsfeiring i midten av juli. I løpet av nokre få dagar vart 270 soldatar drepne i kampar mellom troppane til president Salva Kiir og tidlegare visepresident Riek Machar. Men også sivile vert altså angripne av soldatane, og mange internasjonale organisasjonar evakuerte sine medarbeidarar ut av Sør-Sudan.
Bitter maktkamp
I sentrum av det heile står president Salva Kiir og tidlegare visepresident Riek Machar. Dei to mektige mennene har i fleire år vore etter kvarandre, og det går jamleg rykte om at den eine ønskjer den andre død.
For fem år sidan var det desse to som skulle samarbeide om å byggje landet. No er dei bitre fiendar. Regjeringspartiet SPLM vart for alvor splitta i to i desember 2013, då Riek Machar vart skulda for forsøk på statskupp. Og sidan den gong har alt gått nedoverbakke i Sør-Sudan.
Utrulege 60 prosent av landets oljeinntekter vert brukt på militæropprusting.
Det er gjort uttallege forsøk på fredsforhandlingar, og for ein månad sidan var Machar i hovudstaden Juba for å på ny prøve å forhandle seg fram til ein fredsavtale. Og med seg til Juba hadde også Machar fleire hundre soldatar som skulle passe på han.
Men det gjekk altså ikkje mange vekene før konflikten blussa opp att på ny i juli, og Machar har no søkt tilflukt i Kongo-Kinshasa. Det er hans tidlegare allierte, Taban Deng Gai, som har tatt over visepresidentrolla. Gai har sagt at Machar skal få tilbake visepresidentrolla og få komme tilbake til Juba om han berre fordømmer all vald, og tek med seg færre soldatar neste gong.
Skyhøgt militærbudsjett
Men det er ikkje berre Machar som rustar seg militært. Sudan Tribune skriv at landets hær denne veka gjennomførte militærøvingar for å trene på å bli raskare ved eventuelle angrep. Og i nokre delar av landet drep framleis soldatar kvarandre, skriv same avis.
Militæret er nærast det einaste som politikarane har klart å byggje opp i Sør-Sudan. Kiir og Machar er begge tidlegare frigjeringsheltar som eit heilt liv har kjempa militært mot Sudan. Militærets posisjon i Sør-Sudan speglar seg også i statsbudsjettet. Utrulege 60 prosent av landets oljeinntekter vert brukt på militæropprusting. Det har Stockholm International Peace Research Institute funne ut, skriv Sudan Tribune.
Og når olja står for heile 98 prosent av inntektene til Sør-Sudan, og oljeprisen i tillegg er på veg nedover, så seier det seg sjølv at det ikkje er mykje pengar att til statens andre oppgåver.
Uviss framtid
Kva framtida vil bringe for Sør-Sudan er usikkert. Journalistane har slutta å skrive at det ikkje kan bli verre enn det er no, for dei har tatt feil kvar gong. Fram til no har dei to mektige mennene ikkje vist evner som tilseier at dei jobbar for folkets beste. Og akkurat no har dei begge meir enn nok med å passe seg sjølv og sine.
I slike situasjonar har ofte FN vore staden kor folk søker hjelp. Men den store organisasjonen har gong på gong fått kraftig kritikk for si handtering av krisa. FN skal no etterforske kva som gjekk galt då ikkje hjelpearbeidarane fekk hjelp tidlegare i år .
Samstundes må det leggjast til at situasjonen i hovudstaden Juba var særs spent i tidsrommet då angrepet skjedde, og få turte å bevege seg ute i gatene. Og hjelpearbeidarar er også eit mål for angrep. Men så lenge FN-soldatane sitt mandat er å tryggje sivile i Sør-Sudan, så sit kritikken laust når dei ikkje gjer nettopp det.
Dei som uansett lir mest i Sør-Sudan er sør-sudanarane sjølve. Ingen veit kor mange av dei som er valdtekne. Ingen veit kor mange av dei som har blitt angripne. Og ingen av dei kan bestille ein billett ut av landet.