Afrika.no Meny
Analyse:

Etiopias etniske konfliktar veks i omfang og styrke

Foto: Haileselassie Tadese/AFP/NTB Scanpix

Dei veksande etniske konfliktane i Etiopia har ført til at rundt 1,4 millionar menneske har vorte tvungne bort frå heimplassane sine. Firenesh Hailu og familien hennar er blant dei. Foto: Haileselassie Tadese/AFP/NTB Scanpix

Etiopias nye statsminister fortener ros og støtte – og merksemd på det som går bra. Men talet på og omfanget av etnisk inspirerte konfliktar har auka i løpet av halvåret Abyi Ahmed har sete med makta, og Etiopia har i 2018 det høgaste talet på nye internt fordrivne i verda, skriv Lovise Aalen.

Eg veit det.

Eg veit at det ikkje er dette Etiopias nye statsleiar treng fokus på. Eg veit at dette er noko dei som hungrar etter solskinshistorier frå Afrika ikkje vil høyre.

Ja, Etiopia er inne i ein god flyt. Abiy Ahmed, statsminister frå april 2018, har lauslate politiske fangar, laga fred med Eritrea, invitert forbodne opposisjonsgrupper heim, utpeika kvinner som ny president og halvparten av regjeringa, og ryddar no opp i korrupsjon og menneskerettsbrot innanfor regjeringspartiet. Han talar truverdig om sameining på tvers av identitet og politisk ståstad. Folk på gata i Addis Abeba har framleis stjerner i augo når dei snakkar om ‘Dr. Abyi’. Han har snakka rett til hjartene deira. Etiopias nye statsminister fortener ros og støtte – og merksemd på det som går bra.

Men vi kan ikkje oversjå det.

Etiopia har i 2018 det høgaste talet på nye internt fordrivne i verda, meir enn Kongo (DRC), Syria og Sør-Sudan, på grunn av konfliktar som i dei fleste tilfelle går langs etniske skiljelinjer.

Og talet på og omfanget av etnisk inspirerte konfliktar har auka i løpet av halvåret Abyi har sete med makta. Tala er omstridde, men konservative estimat seier at rundt 1.4 millionar menneske har vorte tvungne bort frå heimplassane sine på grunn av konfliktar, og i underkant av eitt tusen menneske har vorte drepne.

Etiopia har om lag åtti ulike etniske grupper

Mange av stridene dreier seg om grenser og tilgang til land og har røter langt tilbake i tid, eller er knytt til det politiske spelet rundt det etnisk baserte føderalsystemet som vart innført i 1991. Tigray People’s Liberation Front (TPLF), eit av fire parti i regjeringskoalisjonen EPRDF, har sidan 1991 kontrollert politisk makt i heile føderasjonen. Denne kontrollen er no svekka, og har skapt eit nytt rom for aktørar som ynskjer å fremje si eiga etniske gruppe sine rettar, på andre sin bekostning. Med eitt vart lokket på trykkokaren løfta av. Krav som lenge har vore undertrykt kjem no til overflata. Med omveltinga i regjeringspartiet er det no om å gjere å sikre seg makt for framtida, ofte med hjelp at etnisk baserte krav.

Systemet Abyi Ahmed arva

Etiopia har om lag åtti ulike etniske grupper. Då Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front (EPRDF) tok makta etter sigeren mot Derg-regimet i 1991, var sjølvstyre for desse gruppene øvst på den politiske agendaen. Både under keisardømmet til Haile Selassie (1931-1974) og Derg-regimet (1974-1991) var amharaene den statsberande eliten, og einkvar motmobilisering frå andre etniske grupper vart slått hardt ned på. Like etter maktskiftet i 1991 innførte EPRDF eit etnisk basert føderalt system, der dei største etniske gruppene fekk styre kvar sine delstatar, medan mange mindre grupper fekk kontroll over lokale administrative einingar.

Det føderale systemet klarte i stor grad å dempe dei største konfliktane som før hadde truga stabiliteten til den etiopiske staten. Men det førte til oppblussing av mindre lokale strider om grensene mellom etniske administrasjonsområde og om kven som skulle ha rett til sjølvstyrte einingar og dermed tilgang på eigne administrative ressursar. Etnisk oppdeling var ikkje uproblematisk i eit land der folkesetnaden lenge har vore blanda gjennom inngifte og flytting. Den grunnlovsfesta retten til etnisk sjølvstyre gjorde også at grupper som før hadde sett på seg sjølv som del av ei større gruppe definerte eigne separate identitetar – og gjorde dermed krav på sin eigen administrasjon og budsjett.

Folk på gata i Addis Abeba har framleis stjerner i augo når dei snakkar om ‘Dr. Abyi’. Den nye statsministeren har snakka rett til hjartene deira. Men vi kan ikkje oversjå at talet på og omfanget av etniske konfliktar har auka i løpet av halvåret han har sete med makta, skriv forfattaren.

Krav frå stadig nye lokale elitar, saman med fleire og fleire lokale strider om grenser og ressursar, fekk regjeringspartiet til å stramme inn på retten til etnisk sjølvstyre på slutten av 1990-talet. Særleg i dei tilfella der etniske krav utfordra posisjonen til partiet vart etnisk mobilisering slått hardt ned på. Mange av konfliktane og krava vart derfor lagt eit lokk over, og det vart klart at EPRDF gjennomførte etnisk sjølvstyre svært selektivt, alt etter kven og kva som kunne konsolidere makta deira lokalt og sentralt.

Den interne maktkampen i EPRDF

Det er dette lokket som no er løfta bort, og som er noko av grunnen til at den nye statsministeren Abyi Ahmed har fått alle dei etniske konfliktane i fanget. Etter at Meles Zenawi, TPLF- og EPRDF-leiar og statsminister sidan 1991, døydde i 2012, har den dominerande posisjonen til TPLF gradvis vorte svekka, og indre strider i regjeringskoalisjonen har stadig vorte tydelegare.

Dei indre stridene kulminerte i 2017, då delstatspresidentane frå Oromia og Amhara, som representerer to av EPRDF-partia, Oromo Democratic Party, ODP (tidlegare OPDO), Amhara Democratic Party, ADP (tidlegare ANDM), gjekk saman i den offentlege kritikken av TPLFs dominans. Modiggjorte av dei folkelege protestane mot regimet i dei to regionane frå 2015 til 2017 kravde dei slutt på den splittande politikken partiet hadde ført. Statsminister Hailemariam Dessalegn, som tok over etter Meles Zenawi i 2012 og representerte det fjerde EPRDF-partiet Southern Ethiopian People’s Democratic Movement, vart sett på som ein marionett og som ein reiskap for TPLF. Då han gjekk av i februar 2018 opna det opp for omrokkeringar i partiet, noko som til sist førte til at Etiopia fekk sin første statsleiar frå Oromo-gruppa nokon sinne, Abyi Ahmed.

Lokale og regionale ringverknader

I kjølvatnet av dei folkelege protestane i Oromia og Amhara og maktskiftet i EPRDF har ein del av dei som før hadde priviligerte posisjonar i partiet og i sentralt, regionalt og lokalt maktapparat vorte bytta ut. Leiarar i den nasjonale etterretnings- og tryggleiksorganisasjonen NISS, krumtappen i det TPLF-dominerte systemet, har vorte bytta ut. Den maktkampen som framleis går føre seg i EPRDF, der TPLF prøver å finne ein ny rolle og der Amhara og Oromia kjempar om hegemoni seg imellom, har dermed skapt eit maktvakuum i den før så sentraliserte staten.

Medan den svekka kontrollen frå sentrum har gjeve større rom for reelt sjølvstyre for delstatane, har den også ført til regional og lokal rivalisering. Dette er rivalisering mellom krefter som anten vil kjempe for å halde på privilegia som lojaliteten til den TPLF-dominerte staten gav, eller som vil ta opp att krav som TPLF har undertrykt. Mange av desse kreftene tek i bruk etno-nasjonalistisk retorikk og appellerer til sine etniske grupper for å fremje sine krav. Dette er noko av bakgrunnen for revitaliseringa av etniske strider som har eksplodert etter at Abyi Ahmed kom til makta i april 2018.

Den konflikten som muligens har mest sprengstoff og som kan truge stabiliteten til den etiopiske staten slik vi kjenner staten i dag, er den vaksande striden mellom Amhara og Tigray

I denne situasjonen har Abiy Amhed og regjeringa hans vorte skulda for passivitet og ein i for stor grad ‘vente og sjå’- haldning. Sjølv om retorikken hans har fokusert på nasjonal eining, så har manglande inngripen i større etniske konfliktar ført til skuldingar om at konfliktane er brukt i spelet om nasjonal makt.

Slike skuldingar er ikkje uventa i ein polarisert politisk kontekst som Etiopia, der ein forventar at einkvar politisk aktør vil prøve å profittere på andre sin maktkamp til eigen forteneste.

Slike skuldingar har også som føresetnad at lokale aktørar vil la seg bruke av nasjonale krefter, og at lokale krefter åleine ikkje kan skape konfliktar av slike dimensjonar.

Men rapportar frå dei ulike konfliktområda tyder på at lokale dynamikkar har vore avgjerande for korleis konfliktane har utarta.. Samstundes har lokale aktørar sannsynlegvis vorte modiggjorte av dei nasjonale politiske endringane og kan ha sett på den nasjonale oppmjukinga som eit klarsignal om å ta opp kampen for sine rettar, og å ta i bruk vald i denne kampen. Biletet av årsakene til etniske konfliktar i Etiopia i dag er difor svært komplisert, og gjer det vanskeleg å dra klare konklusjonar om kven som er dei eigentege drivkreftene bak.

Konflikter i nord – kor går grensa mellom Amhara og Tigray?

Den konflikten som muligens har mest sprengstoff og som kan truge stabiliteten til den etiopiske staten slik vi kjenner staten i dag, er den vaksande striden mellom Amhara og Tigray. Her står det om posisjonen til dei to mest innflytelsesrike folkegruppene i historia til den moderne etiopiske staten sidan etableringa på slutten av 1800-talet.

Striden her dreier seg også om grenser, og om område som folk på kvar side av grensene meiner var inkorporert på feil side i tida etter 1991. Dette gjeld spesielt området Wolkait, som vart inkludert i Tigray i 1992. Arrestasjonen av leiaren for ein komite som jobbar for innlemming av Wolkait i Amhara var ein av grunnane til dei store protestane i Amhara-delstaten i 2016, som saman med Oromo-protestane bidrog til maktskiftet i EPRDF. I kjølvatnet av protestane vart lokale butikkar og andre verksemder eigd av tigreanarar angripe av demonstrantane. ADP, amharapartiet i EPRDF, kjempar no opent for å utvide grensene til Amhara til å inkludere andre delar av Tigray (Raya), Afar, Benishangul-Gumuz og Oromia. Dette reflekterer ADP sin ambisjon om å spele ei større rolle på føderalt nivå, der dei truleg meiner at oromoane har teke ein for stor del av makta i forhold til det ADP meiner er rettmessig.

Slik ser kartet over Etiopias regionar ut.

Eit nytt etnonasjonalistisk parti, National Movement of the Amhara (NaMA), bidreg til å trekkje ADP endå meir i Amhara-patriotisk retning, slik at dei unngår å tape kampen om Amhara-veljaren i det komande valet i 2020. Veksten i Amhara-patriotismen kan imidlertid gjere at både Oromia and Tigray igjen finn ein felles fiende i amharaene, noko som kan føre til endå nye maktdynamikkar i EPRDF i tida som kjem.

Men i første omgang har dette ført til motmobilisering frå Tigray, i form av lokal militær trening og mobilisering innad i delstaten. I oktober 2018 vart det rapportert om at delstatspolitiet i Tigray hadde drepe minst fem innbyggarar i Alamata, ein by i Raya-sonen i Tigray. Dei drepne var blant demonstrantane som protesterte mot at Raya skal forbli under tigreansk styre. I dei påfølgjande vekene vart det utveksla skuldingar mellom leiarane i Amhara og Tigray, der TPLF skuldar ADP for å blande seg inn i interne forhold i Tigray med kravet om at identitetsspørsmålet for Wolkayt og Raya må løysast på konstitusjonelt vis.

Somali – Oromo - konflikten

Den første store konflikten som utarta før og under maktskiftet i EPRDF, var striden langs grensa mellom Oromia og Somali-delstaten. Rundt 500.000 vart internt fordrivne i 2017, og ytterlegare 200.000 i 2018, på grunn av valdelege samanstøyt i desse områda.

Folkesetnaden langs denne grensa har lenge vore etnisk blanda med inngifte mellom etiopiske somaliar og oromoar, og samkvemet mellom dei har i lange tider variert mellom fredeleg sameksistens og valdeleg konflikt. Stridene, som i dei fleste tilfellene har dreia seg om tilgang på beite og vatn, har i fortida ofte vorte løyst lokalt, utan inngripen frå sentralregjeringa i Addis Ababa.

Men med det føderale systemet frå 1991 vart grensene mellom dei to gruppene med eitt knytt til ressursar og politisk makt, og det vart avgjerande for delstatsregjeringane å stadfeste kvar grensa gjekk. I 2004 vart det difor halde folkerøystingar i 420 lokaladministrasjonar (kebele) i grenseområdet. Sjølv om 80 prosent røysta for å vere med i Oromia, vart dette aldri sett ut i livet. Sidan då har ulike grensekonfliktar halde fram, og svært lokale konfliktar har i mange tilfelle spreidd seg fordi dei på kvar side mobiliserer sine etniske brør i eit utvida område.

Foto: Tiksa Negeri/Reuters/NTB Scanpix

Tusenvis av menneske feira i Adama i Oromia då opposisjonsleiaren Bekele Gerba vart løslate frå fengsel 13. februar i år. Sidan har Etiopia fått ein statsminister frå Oromo-folket. Talet på og omfanget av etnisk inspirerte konfliktar har auka i løpet av halvåret han har sete med makta. Foto: Tiksa Negeri/Reuters/NTB Scanpix

Endå ein kompliserande faktor i striden mellom Somali og Oromia er aktiviteten til Ogaden National Liberation Front (ONLF) og styresmaktene sin kamp mot denne væpna gruppa i Somali. ONLF kjempar for at Somali-delstaten skal lausrivast frå Etiopia og sameinast med staten Somalia. Ein eigen delstatsstyrke, kalla Liyu Police (spesialpolitiet på amharisk) vart i 2007 sett inn for å kjempe mot ONFL. Denne styrken har etterkvart vorte ein eigen maktfaktor i Somali, og har vorte skulda for alvorlege menneskerettsbrot som represaliar mot lokalsamfunn i området.

Abdi Illey, delstatspresident i Somali sidan 2010, brukte etter kvart Liyu Police som sin eigen militære vaktstyrke. Under unntakstilstanden etter protestane i Amhara og Oromia i 2016 vart mandatet til militær- og tryggingsstyrkar utvida over heile landet, inkludert Liyu Police. På slutten av 2016 vart Liyu Police skulda for å gå til åtak på oromoar i grenseområda. Hemnåtak på hovudsakleg somaliarar i Oromia fulgte.

Sjølv om biletet av kven som starta det heile framleis er uklart, er det retta skuldingar mot delstatsstyresmakter og milits på begge sider, i tillegg til Liyu Police i Somali. I spekulasjonane om skuld er det også argumentert for at striden er ein direkte følgje av den indre maktkampen i EPRDF. Sidan TPLF var instrumentell i etableringa av Liyu Police i 2007, er TPLF skulda for å bruke denne konflikten til å sette somaliarane opp mot utfordraren sin, oromoane. På den andre sida er det sett fram skuldingar mot Oromia-styresmaktene om at dei brukte konflikten til å konsolidere oromo-støtte rundt seg. Striden er ikkje løyst på bakken, men fekk ein slags konklusjon då Abdi Illey vart avsett av føderale styrkar hausten 2018, og ein ny reformvenleg og ODP-lojal delstatspresident vart sett inn.

Guji-Oromo mot Gedeo

Konflikten mellom Guji-Oromo og Gedeo på grensa mellom Oromia og regionen SNNPRS (Southern Nations, Nationalities and Peoples Regional State) er den hittil største konflikten under Abiy Amhed. Den har ført til i underkant av ein million fordrivne i perioden mai-juni 2018 og til ein alvorleg humanitær situasjon for dei fordrivne, noko internasjonale hjelpeorganisasjonar har prøvd å skape merksemd om.

Denne striden følgjer på mange vis den same logikken som striden langs Oromo-Somali-grensa. Guji-folket, ei undergruppe av oromoane, lever for det meste som pastoralistar eller halvpastoralistar. Naboane i sør, Gedeo, er ein av 56 etniske grupper i SNNPRS, og lever av jordbruk. Desse to gruppene har levd side om side gjennom generasjonar, og har som i andre grenseområde konkurrert om tilgang til land. Då grensene vart dregne ved innføringa av det etnisk baserte føderale systemet etter 1991, såg Guji-oromoane på seg sjølve som taparar, ettersom dei mista kontroll over område dei såg på som sine. Under det første alvorlege slaget om grensene i 1995 måtte føderale styrker gripe inn for å stoppe valden mellom dei to gruppene.

Konflikten mellom Guji-Oromo og Gedeo er den hittil største konflikten under Abiy Ahmed. Den har ført til i underkant av ein million fordrivne i år

Mindre konfliktar om beiteområder og land har blussa opp att med ujamne mellomrom i tida fram mot 2018. Men frå april 2018, i tida rundt utpeikinga av Abiy Ahmed som ny statsminister, fekk konflikten ein mykje meir alvorleg karakter. Væpna gjengar og grupper av ungdommar gjekk til åtak på landsbyar, noko som i denne omgang førte til at meir enn 300.000 menneske måtte forlate heimane sine. Etter dette greip regionale styresmakter inn og arresterte dei dei meinte var dei skuldige. Men dette hindra ikkje ein ny valdseksplosjon i juni 2018, der ytterlegare hundretusenar vart internt fordrivne. Ifølgje humanitære organisasjonar har dei fordrivne, som no bur i midlertidige leirar på kvar side av grensa, fortalt om grov vald, inkludert valdtekt og mord, og nedbrenning av heile landsbyar.

I analysa av kva som eigentleg har utløyst krisa mellom Guji-Oromo og Gedeo vert det også reflektert over kva rolle maktskiftet i EPRDF har spela. Medan tilgang på land og grenser er rekna som opphavet til dei gjentekne konfrontasjonane sidan 1991, meiner observatørar utpeikinga av ein statsminister frå oromoane har hatt ein spesiell verknad i denne striden. Spesielt unge menn frå Oromo-gruppa har vorte modiggjorte av at ein frå deira gruppe tok makta i Addis Abeba i 2018. Som i andre område førte maktskiftet til lokal rivalisering og utskifting i det lokale politi- og etterretningssystemet. I det maktvakuumet som oppstod, såg einskilde element sitt snitt til å gå til åtak på andre grupper som hemn etter mange år med marginalisering.

Spesielt unge menn frå Oromo-gruppa har vorte modiggjorte av at ein frå deira gruppe tok makta i Addis Abeba i 2018

Men denne analysa kan også innebere at ein unnlet å ansvarleggjere styresmaktene, dei som jo i siste instans skal setje ein stoppar for at vald kan eskalere slik det har gjort i dette tilfellet. Kvifor greip ikkje føderale styrker inn, slik som i tidlegare valdelege konfliktar i området? Diskusjonen går mellom dei som meiner dette er eit uttrykk for hjelpelaus passivitet frå føderale styresmakter og dei som meiner dette er ei medvite handling, for å sikre seg støtte blant oromoane, som er den nye EPRDF-administrasjonen si største veljargruppe. Det at Abiy Ahmed har reist på kryss og tvers i Etiopia for å ta tak i ulike krav og kriser sidan han tok over statsministerposten, men ikkje vitja nokon av områda berørt av Guji-Oromo og Gedeo-konflikten, vert sett på som eit teikn på at denne saka, uansett årsak, er ei hard nøtt som den nye statsministeren ikkje heilt veit å handtere.

Konfliktar i sør: Strid om sjølvstyre og kontroll over Hawassa

SNNPRS, delstaten i sør som inkluderer 56 ulike etniske grupper, har vore åstad for ei rekkje av dei etniske konfliktene og krava som EPRDF på slutten av 1990-talet ville setje ein stoppar for. I dette mangfaldet av etnisk basert mobilisering har striden om regionhovudstaden Hawassa og statusen til Sidama, gruppa som opprinneleg kontrollerte landet hovudstaden er bygd på, vore ein av dei politisk mest betente sakene på 1990- og 2000-talet. Oppblussinga av valdelege samanstøyt rundt desse spørsmåla i 2018 vert sett på som ein direkte følgje av maktskiftet i EPRDF. Sidama-kravet om eigen delstat og kontroll over Hawassa kunne ikkje lenger haldast under det loket EPRDF før har halde over saka.

Statusen til Hawassa er komplisert. Ved sida av å vere regionhovudstad med innbyggarar frå svært mange ulike etniske grupper, er byen også det administrative senteret for sidamaene. Sidama-folket er den største etniske gruppa i regionen. Frå å vere eigen delstat i ein kort periode etter 1991 vart Sidama-området nedgradert til sonestatus i den store sør-delstaten. Allereie i 2002 vart demonstrasjonar for eigen Sidama-delstat slått hardt ned på av tryggingsstyrkar i Hawassa, og då kravet om delstat kom opp att i 2006 greip dåverande statsminister Meles Zenawi direkte inn og stoppa prosessen. EPRDF argumenterte for at dersom Sidama fekk eigen delstat ville dette får ein dominoeffekt, der stadig nye grupper ville be om det same, noko som ville resultere i ein vedvarande oppsplittingsprosess. Som kompensasjon for manglande delstat vart fleire sidamaer gjeve stillingar i delstatsadministrasjonen, og posisjonen som delstatspresident vart gjeve til ein sidama.

Storbyen Hawassa, med den delvis kinesisk-bygde Hawassa Industrial Park, er sentral i konflikten i sør. Her har statsminister Abiy Ahmed (t.h.) med seg Rwandas president Paul Kagame på besøk i næringsparken.

Forhandlingane mellom Sidama-representantar og EPRDF-leiinga klarte imidlertid ikkje å legge kravet om eigen delstat dødt. Sommaren 2018 oppstod valdelege konfrontasjonar mellom Sidama og medlemmer av andre etniske grupper i Hawassa i etterkant av at Sidamas sone-styre hadde vedteke støtte til at Sidama skal få sin eigen delstat. Sidama-ungdom vart skulda for å spesielt gå til åtak på folk frå Wolayta, den nest største etniske gruppa i sør, som lenge har konkurrert med Sidama om hegemoni i denne landsdelen. Valden førte til rundt ti drepne og fleire tusen fordrivne. Det vart også rapportert om hemnåtak på Sidama i Wolayta-styrte område i dagane etter åtaket i Hawassa.

Det som skil konflikten i sør-delstaten frå grensestridene mellom Oromia og Somali og mellom Guji-Oromo og Gedeo er at Abyi Ahmed ikkje var passiv, men kom med ein direkte reaksjon like etter dei valdelege konfrontasjonane i Hawassa og Wolayta. Statsministeren reiste til konfliktområda i dagane etterpå, og bad dei ansvarlege ta hatten sin og gå. Han kalla dei som stod bak valden for «hyener i dagslys» og insinuerte at dette var folk innanfor systemet som ikkje ville miste sine gamle privilegier og brukte etnisk konflikt for å beskytte seg. Både Sidama og Wolayta-leiarar i høgståande posisjonar har sagt opp stillingane sine etter dette.

Noko av grunnen til den raske og klare reaksjonen frå statsministeren her er at åtaka skjedde i ein av dei raskast vaksande og kosmopolitiske byane i Etiopia

Noko av grunnen til den raske og klare reaksjonen frå statsministeren her er at åtaka skjedde i ein av dei raskast vaksande og kosmopolitiske byane i Etiopia. Men reaksjonen kan også vere eit uttrykk for at Abyi Ahmed ikkje har klare interesser i området, i motsetnad til i dei to andre konfliktområda, der folk frå hans eigen veljargruppe, oromoane, var ein av hovudaktørane. I striden i sør har statsministeren truleg lite å tape på å fordømme leiarar på begge sider av konflikten.

I byrjinga av november 2018 vedtok likevel delstatsforsamlinga i sør at Sidama kunne få starte den konstitusjonelle prosessen med å danne eigen delstat. Dette vart mogeleggjort av endringane internt i EPRDF. Når TPLF ikkje lenger hadde makt til å setje agendaen for medlemmene i koalisjonen, kunne SEPDM med eitt avgjere sin eigen politikk i forhold til etniske krav i sin region. Som ei følgje av tidlegare undertrykking av etniske krav vedtok den tiande SEPDM-kongressen dermed at alle offentlege krav om sjølvstyre skulle handsamast i tråd med grunnlova, som jo gjev alle etniske grupper rett til sjølvstyre.

I kjølvatnet av Sidama sitt krav om eigen delstat kjem også debatten om statusen for hovudstaden i sør, Hawassa. Skal byen verte hovudstad i ein ny Sidama-delstat, skal han få ein annan status i det som er att av SNNPRS, eller skal han verte lagt under føderal kontroll? Det er forventa at dette kjem til å verte ei kjelde til usemje og valdeleg konflikt også i framtida, og krevjer varsam handtering frå styresmaktene.

Konflikter i vest: Mellom Oromo og Gumuz og mellom Nuer og Anywaa

På ein annan kant av Oromia, i vest mot delstaten Benishangul-Gumuz, har det også blussa opp konfliktar i grenseområda mellom delstatane i kjølvatnet av maktskiftet i EPRDF. Frå september 2018 har valdelege samanstøyt mellom folk hovudsakleg frå Oromia og Gumuz leidd til fordriving av opp mot 70.000 menneske både på Oromia- og Gumuz-sida , ifølgje FN-tal.

Grensa mellom Benishangul-Gumuz og Oromia har vore omstridd heilt sidan etableringa av føderalstaten i 1991, og sporadiske konfliktar mellom folkesetnaden har oppstått, spesielt konsentrert om den administrative sona Kamashi, med åtak og hemnåtak på begge sider. Etter at Abyi Ahmed kom til makta, er det rapportert om at det oppstod rykter om at grensene skulle markerast på nytt, og at det var dette som fornya og intensiverte valden i løpet av september 2018. Ethiopia Insight, ei etiopisk nettbasert nyhetskjelde, meldte at medlemmer frå Gumuz-gruppa såg på den nye statsministeren som eit direkte trugsmål mot deira tryggleik og status i området. Det faktumet at Abyi Ahmed er oromo vart tolka som at den nye grensedraginga ville gje fordel til folkegruppa hans, og ikkje til Gumuz. Påfølgjande protestar mot Gumuz-åtak på oromoar internt i Oromia (Wollega) vart imidlertid slått hardt ned på av delstatsstyrkar, noko som førte til endå fleire drepne i Oromia i november 2018.

I den andre av dei to delstatane i vest, Gambella på grensa til Sør-Sudan, har spenningane mellom dei to majoritetsgruppene, Anywaa og Nuer, også fått fornya styrke under Abyi Ahmed. Gjennom heile perioden etter 1991 har delstaten vore prega av konkurranse mellom desse to gruppene om makt og posisjonar. TPLF har brukt dette maktspelet til sin eigen fordel, og sørga for at den til einkvar tid lojale delstatspresidenten har sete med makta der. Då den nye statsministeren kom til makta i april 2018, valde likevel den TPLF-lojale Nuer-presidenten å sitje. Dette førte til protestar frå hovudsakleg Anuak-aktivistar, som meinte at Nuer-administrasjonen måtte gå. Sjølv om dette også var eit spørsmål om styresett og reform, gjorde motmobiliseringa frå Nuer-støttespelarane til presidenten at dette vart sett på som ei etnisk strid, meir enn som eit krav om betre styre. Konflikten fekk ein førebels løysing då det i november 2018 vart utpeika ein ny delstatspresident, som vert sett på som reformvenleg og lojal mot den nye Abyi Amhed-administrasjonen.

Kva skal til for å ordne opp?

Dei etniske konfliktane i alle hjørna av Etiopia under Abyi Amhed fører ikkje berre til lokal ustabilitet og humanitære kriser, men spelar også direkte inn i og er ein refleksjon av dei interne konfliktene i EPRDF på sentralt nivå.

Det er sjølvsagt for mykje å forvente at ein statsminister som har sete med makta i mindre enn eitt år skal løyse konfliktar som har opphav generasjonar tilbake eller er resultat av TPLFs splitt og hersk-politikk. Det er likevel på sin plass å oppfordre til ein svært varsom og gjennomtenkt politikk for å bidra til løysing av etnisk baserte konfliktar.

Det ligg eit stort ansvar på Abiy Amhed. Han må vise at han er statsministeren for alle etniske grupper, og at oromo-interesser ikkje skal ha forrang i hans handtering av konfliktar

Oromia er omkransa av konfliktar på alle kantar av delstaten, noko som indikerer både at oromoane i lokalsamfunna langs grensene har vorte meir sjølvsikre og offensive og at ikkje-oromoar ynskjer å mobilisere mot det dei ser på som den nye oromo-dominerte makta. Likeeins er den vaksande spenninga mellom Tigray og Amhara eit resultat av ein ny og offensiv Amhara-elite, som ynskjer å posisjonere seg i forhold til eit svekka TPLF og eit i deira augo for sterkt ODP.

Det ligg difor eit stort ansvar på Abiy Amhed. Han må vise at han er statsministeren for alle etniske grupper, og at oromo-interesser ikkje skal ha forrang i hans handtering av konfliktar. Dette har han tydeleg vist i sin retorikk om sameining og einskap. Føderalregjeringa sine ulike reaksjonar på dei forskjellige etniske konfliktene, som varierar frå direkte inngripen til passivitet, talar imidlertid om ein statsminister som førebels ikkje klarar å handtere spenningane i landet på ein konstruktiv måte.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen her: redaksjonen@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Sør-Afrikas nye mann

Cyril Ramaphosa: Endelig på toppen

Sør-Afrikas nye president, Cyril Ramaphosa, har gått veien fra studentaktivist og fagforeningsmann til forretningsmann og multimillionær. Nå er han landets fremste leder, men til tross for at karrieren hans har vært vellykket, har den ikke vært fri for kontroverser.

Foto: Tiksa Negeri/Reuters/NTB Scanpix

Analyse

Etiopia: En radikal endring i det politiske landskapet

Dagen da Bekele Gerba, en fremtredende etiopisk opposisjonsleder, ble løslatt fra fengsel, strømmet tusener av folk ut i gatene for å feire. Noe liknende har aldri skjedd i Etiopia i løpet av de 25 årene det regjerende Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front (EPRDF) har sittet ved makten og lagt et tett lokk på all opposisjon.

Foto: Ole Johan Moe

Kommentar:

Nye muligheter i Vest-Sahara-konflikten

30. januar ble Marokko gjenopptatt som medlem av Den afrikanske union (AU). Det skaper både økt politisk press og nye muligheter til å finne en diplomatisk løsning på den fastlåste konflikten om Vest-Sahara.

Emner

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe