Afrika.no Meny
Libya nå:

Khalifa Haftar – krigsherre eller redningsmann?

Foto: Mahmud Turkia/AFP/NTB Scanpix

Unge libyere som er lojale mot regimet i Tripoli i kamp mot Khalifa Haftars styrker sør for byen. Denne krigen kan bli langvarig, skriver forfatteren. Foto: Mahmud Turkia/AFP/NTB Scanpix

Det handler ikke om ideologi, religion eller etnisitet i Libya, skriver Knut S. Vikør. Det handler om makt og geografi. Khalifa Haftar regner med å vinne borgerkrigen og bli Libyas militære hersker. Men han kan ha feilvurdert.

Den siste utviklinga i Libya kom overraskande på dei fleste, og forvirringa var stor. Kven var denne personen som gjekk til åtak på hovudstaden Tripoli? Var han «leiar for Libyas nasjonale hær», slik han hadde blitt omtalt berre noen veker før, eller var han ein «opprørsleiar og krigsherre som angreip den FN-støtta regjeringa», slik han nå vart presentert?

Problemet var nok at det ikkje er så stor forskjell i dette kaotiske landet. Utviklinga i Libya har gått under radaren, og er vanskelig å fatte for media, fordi dei vil helst forklare konfliktar i eit kjent mønster; ideologisk, etnisk eller religiøst, og det er vanskelig i dette tilfellet. Derfor blir det «svært komplisert».

Komplisert er det også, sidan Libya fekk to nasjonalforsamlingar med kvar si regjering frå 2014; ei med base i Tripoli i vest, og ei i aust i småbyen Tobruk. Etter krigen i 2011 hadde mange fått med seg at Libya har to store provinsar, «vest-Libya» eller Tripolitania rundt hovudstaden, og «aust-Libya», Cyrenaica, der Benghazi er største by, og der opprøret mot Gaddafi var sterkast. Så nå fekk kvar del si regjering.

Det er geografien som spiller ei rolle, kvar by og landsdel kjempar for sine eigne interesser, og det er kven som har militær slagkraft som avgjer

Men i røynda hadde splittinga i 2014 lite med «aust mot vest» å gjere, konflikten stod mellom to tripolitanske militsar, ein med base i Zintan-området oppe i vest-fjella, den andre i den store kystbyen Misrata litt aust for Tripoli; Libyas tredje største by. Dei var allierte mot Gaddafi, nå kom det til maktkamp mellom dei om kven som skulle kontrollere hovudstaden, og det endte i full krig.

Det var desse kampane fleirtalet i nasjonalforsamlinga prøvde å rømme unna, så langt vekk frå Tripoli som mulig, og da altså til Tobruk. Misrata-gruppa gjekk seirande ut i Tripoli, og det mindretalet av folkevalde som ikkje hadde flykta, oppretta si eiga nasjonalforsamling i allianse med Misrata-militsen og mange andre samarbeidande grupper. Dei kalte seg «Libyas daggry».

Khalifa Haftar, Tobruks gudfar

Dei som hadde rømt, kom altså frå alle delar av Libya, som jo er eit land utan store religiøse eller etniske konfliktar. Både aust og vest er arabarar og sunni-muslimar (dei etniske minoritetane vi finn i sør og vest hadde liten innverknad på politikken). Det er geografien som spiller ei rolle, kvar by og landsdel kjempar for sine eigne interesser, og det er kven som har militær slagkraft som avgjer. Dei som landa i Tobruk hadde korkje statsapparat eller militære med seg. Dei vart sittande att i Tripoli. Derfor kom den delen av nasjonalforsamlinga som hadde rømt til Tobruk nå under beskyttelse av den militsleiaren som hadde kontroll i Tobruk og områda rundt, og det var altså general Khalifa Haftar.

Haftar var alt eit velkjent namn i libyisk politikk (stavemåten er varierande, han skal sjøl ha skrive Hifter, og Heftar og Haftir er andre variantar). Han var general under Gaddafi, og frå 1987 budde han i eksil i USA. CIA satsa ei stund på han som ein mulig aktør mot Gaddafi, men skal ha mista interessa etter ei tid. I 2011 vendte han heim for å stille seg til rådvelde for revolusjonen, men vart overskygga av høgare offiserar som hadde slutta seg til opprøret, så han reiste heim til USA. Men ei tid etter kom han tilbake til Libya, og tre år seinare, da den første nasjonalforsamlinga som vart vald i 2012 viste seg å vere kaotisk og makteslaus, greip Haftar sjansen: Han gjekk på TV og erklærte at han nå hadde tatt makta i Libya. Men han hadde berre erobra TV-stasjonen, så dette «statskuppet» vart ignorert av alle, som hadde andre problem å stri med.

Han ser på seg sjøl den einaste reelle kandidaten for å leie Libya. Dette er trulig også ein nøkkel for å forstå hans strategiar: Han forventar at dette også er opplagt for andre

Haftar forstod med dette at han måtte skaffe seg ein militær basis. Han trakk seg tilbake til Cyrenaica-provinsen i aust – han kom opphavlig frå småbyen Ajdabiya i aust. I Cyrenaica begynte han å samle tidligare soldatar og offiserar frå den gamle hæren rundt seg, noen som hadde slutta seg til opprøret i 2011, og andre som ikkje hadde gjort det. Haftars eigen fortid som høgare offiser kom til nytte, og han satsa nå på å vinne kontroll over Cyrenaicas største by, Benghazi. Her hadde ei radikal islamistisk gruppe med band til al-Qa’ida, Ansar al-Shari’a, bitt seg fast. Haftar klarte å nedkjempe dei, men det tok fleire år. I mellomtida utvida han området sitt i Cyrenaica, og med det fekk han altså også kontroll over Tobruk.

Det var derfor rimelig at den nasjonalforsamlinga som satt i Tobruk vart nær knytt til sin «gudfar». Dei utnemnte Haftar til hærsjef og feltmarskalk. Han gav styrkane sine namnet «Libyas nasjonale hær», og fekk også kontroll over eit mindre flyvåpen, som i alder og slagkraft stort sett kan måle seg med det vesle flyvåpenet Tripoli-regjeringa rår over.

Ein konflikt om islam?

Haftars første suksess var altså mot jihadistar i Benghazi, og han og Tobruk har aktivt presentert konflikten som ein kamp mot islamisme. I Tripoli sit mellom andre Det muslimske brorskapet, det einaste partiet som fekk ei merkbar oppslutning i vala i 2012 og 2014 (rundt 10-15 prosent). Fleire av dei små militsane i Tripoli har også ein islamistisk agenda, men langt frå alle, og dei to store, Misrata- og Zintan-militsane, er begge sekulære grupper som først og fremst vil fremme sine geografiske interesser. Haftar gjorde ingen distinksjon, dei er alle «jihadistar» og «terroristar», ja alle som står imot hans eigne planar er «terroristar».

General Khalifa Haftar presenterar gjerne alle som står imot hans planar som "terroristar".

Det er uklart kor mye av dette som er ideologisk djupfølt og kor mye som er opportunisme. Haftar var i USA-perioden knytt til ein vestlig-orientert sekulær opposisjon, og dette er trulig det næraste eit politisk syn vi finn hos han. Men fokuset på islamisme generelt og Brorskapet spesielt har også vore svært nyttig for han internasjonalt. Egypts nye militærstyre er fiksert på Brorskapet som fiende, og er Haftars sterkaste støttespillar. Egypts al-Sisi ser også med velvilje på eit mulig militærstyrt Libya med ein general Haftar som president. Emirata er den andre store støtten, dei er like opptatt av å bekjempe Brorskapet. Men Haftar har ikkje hatt noe imot å samarbeide med konservative islamistar i Cyrenaica, så lenge dei støttar han. Dette er «salafistar» eller «madkhalistar», ei pro-saudisk retning som ikkje støtter jihad, men som er villige til å slåss når det er i Saudi-Arabias interesse.

Haftar får av og til også anerkjenning for å kjempa mot IS, men det har han eigentlig aldri gjort

Haftar får av og til også anerkjenning for å kjempa mot IS, men det har han eigentlig aldri gjort. IS etablerte seg i Syrte heilt aust i Tripolitania, og det var Haftars fiendar, Misrata-militsen, som fekk kasta IS ut av denne byen, sammen med ei lokal gruppe. Haftar heldt seg i ro til Misrata-folket hadde reist, og gjekk så inn og angreip den lokale gruppa slik at han sjøl kunne ta styring med oljehamnene i området. Det samme skjedde i Derna i aust. Det var ei lokal islamistgruppe som kasta ut IS-arane som var der, så kom Heftars troppar i ettertid og tok byen frå den lokale gruppa.

Haftar leika ein periode også med føderalisme, sjølstyre eller sjølstende for Cyrenaica. Men dette ser han ut til å ha lagt til sides, og målet er nå klart å bli leiar, president for eit samla Libya. I Tripoli vart den Misrata-allierte regjeringa i 2015 erstatta med ei FN-støtta samlingsregjering, men sidan Tobruk ikkje var villige til å samarbeide, vart denne i realiteten berre ei ny Tripoli-regjering bygd på militsanes velvilje, men nå anerkjent av FN. Det som stansa samarbeidet, var at Tobruk insisterte på at Haftar måtte bli forsvarsminister eller få ei anna leiande rolle, mens Tripoli nekta så lenge Haftar fortsatt snakka om å reinske ut Tripoli for akkurat dei som han skulle forhandle med.

Haftars mål

Dette har vore både forvirrande og frustrerande for dei som har arbeidd for å løyse konflikten med forhandlingar. Haftar har til tider deltatt, men har samtidig avvist slike møter som meiningslause. Når han nå nærmar seg Tripoli, er det ikkje for å styrke sin forhandlingsposisjon, slik noen observatørar skriv. Det er å sjå på Haftar som ein politikar som posisjonerer seg, men han er ikkje det. Han er militær og tenker militært; ein vinn eller ein tapar, mellomløysingar er berre mellomspill. Men som al-Sisi og andre leiarar i Midtausten, meiner han at berre eit militært styre kan få orden på landet.

Han ser dermed på seg sjøl den einaste reelle kandidaten for å leie Libya. Dette er trulig også ein nøkkel for å forstå hans strategiar: Han forventar at dette også er opplagt for andre. Når han ser seg sjøl som «redningsmann» eller at han er «kalla» til å styre Libya, så er det ikkje retorikk. Han meiner det bokstaveleg: Det er jo ingen andre i Libya som kan løfte denne kappa. Det var derfor han i 2014 «kuppa» på TV: Han rekna med at dei kjempande militsane ville forstå kva han tilbaud og spontant slutte seg til han straks han stilte seg til rådvelde.

Det gjeld også i dag. I Cyrenaica bygde han seg opp til dels med erobring, til dels ved å gjere avtalar med stammar og landsbyar. I vinter har han også tatt kontroll over mye av det tynt befolka sørlige Libya på samme måte. Området var prega av stammekampar. Haftar stilte opp med ei militær overmakt og ga kvar enkelt stamme eller by valget mellom å bli nedkjempa eller å anerkjenne han som overherre – som oftast mot ei klekkelig pengestøtte. Dei fleste takka ja, og dermed kunne han flytte hæren sin til neste stamme og komme med samme tilbod, i forvissing om han ikkje trong sette av særlig store styrkar i dei områda han la bak seg

Vest-maktene er i villreie. Offisielt støttar dei forhandlingar og samlingsregjeringa i Tripoli, men særlig Frankrike hadde bygd opp eit sikkerheitspolitisk samarbeid med Haftar i Benghazi, og satsar fortsatt på han

Også i Tripolitania har det vore harde fraksjonskampar mellom dei mange militsane som dominerer i denne mest folkerike delen av landet. Ved å starte ein ilmarsj mot regionen og vise sin styrke, rekna han med at dei fleste av desse militsane ville foretrekke å anerkjenne han og helse han velkommen som den som kunne samle landet, utan sverdslag. Han ser ikkje ut til å ha forventa vesentlig militær motstand i sin seiersmarsj. Det kom derfor som ei overrasking på han at Tripolitania-militsane tvert om bila striden seg imellom og slutta seg sammen mot han. Tilmed dei gamle stridshanane Zintan- og Misrata-militsane slutta nå rekkene. Berre noen små utbrytargrupper har slutta seg til Haftar.

Det gjekk derfor ikkje så lett. Men nå ser Haftar ut til å ha satsa alt på dette kortet. Å trekke seg tilbake ville vere eit nederlag, og med sine 75 år tenker han kanskje at dette er hans siste sjanse. Han har uforbeholden støtte frå Egypt og Golf-landa, Russland sit på gjerdet og ventar, mens vest-maktene er i villreie. Offisielt støttar dei forhandlingar og samlingsregjeringa i Tripoli, men særlig Frankrike hadde bygd opp eit sikkerheitspolitisk samarbeid med Haftar i Benghazi, og satsar fortsatt på han. USA forlangte at han måtte trekke seg tilbake frå Tripoli, men Trump har, som vanlig suverent i strid med sine eigne ekspertar, nå gitt si støtte til Haftar. Men det blir likevel ein militær kamp. I skrivande stund ser det ut til at Haftar ikkje har styrke nok til å vinne på slagmarka, men kampane tiltar og vi kan stå foran ein lengre og øydeleggande bykrig i Tripoli, om ingen av partane klarer å vinne ein rask siger, eller omverda evnar å tvinge dei kjempande partane til å trappe ned krigen.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Foto: Paul Higgins

Fra festival til katastrofe:

Tuareg på flukt

Reisen til musikkfestivalen i ørkenen var som et eventyr. Men to år senere var musikkanlegget knust, gitarer forbudt og min følgesvenn på flukt, som tusener andre. Og det er en forbindelse med Norge her. Den handler om Libya.

Foto: Dai Kurokawa/EPA/NTB Scanpix

Sør-Sudan:

Kunst i kampen for fred

Kunstnerkollektivet Ana Taban i Sør-Sudan jobber ustanselig for fred. Med musikk, teater, stand-up, diskusjoner og demonstrasjoner prøver de å få med seg befolkningen opp og ut av den apatien som krigstrøtthet fører til.

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.