Afrika.no Meny
Kommentar

Fem år sidan Gaddafis død: I kven si interesse greip Vesten inn?

Foto: flickr/jbdodane

Libyas diktator Muammar Gaddafi var til dels populær blant folk i Afrika. Bildet er tatt i Elfenbenskysten. Foto: flickr/jbdodane

I dag er det fem år sidan Libyas leiar Muammar Gaddafi døydde i fangenskap. Kravet om at den USA-leda aksjonen mot Libya og den norske deltakinga i krigshandlingane skal granskast, veks no i styrke. 

I ei slik gransking høyrer ei vurdering av det geopolitiske bakteppet med. Våren 2011 var den arabiske verda prega av store protestar. Protestane fekk etter kvart særs ulike utfall, men kvifor? I nokre land gjekk leiaren av frivillig, i andre vart det kjempa til døden. I eit par av landa er det framleis store kampar, og andre høyrer vi aldri noko om.

Mektige vener er gode å ha

Den geopolitiske konteksten til ulike land har mykje å seie, og ved å samanlikne kva konsekvensar den arabiske våren hadde i Bahrain og Libya kan ein tydeleg sjå kva ulike alliansar og høgtståande vener betyr for utfallet av protestane. Sjølv om landa er ulike på mange måtar, hadde dei visse karakteristikkar til felles. Begge hadde sterke leiarar, store naturressursar og sterke skiljelinjer i befolkninga, Bahrain mellom Sunni og Shia (kongefamilien og befolkninga), og Libya mellom ulike stammar. 

Gaddafi i Libya var autoritær og raskt ute med å kjempe tilbake mot protestantane. Kongefamilien i Bahrain gjorde det same, men dei var ikkje åleine. Det er her den geopolitiske konteksten kjem inn for første gong.

Sterkt knytt til Saudi-Arabia

Kongefamilien i Bahrain er sterkt knytt til Saudi-Arabia. Begge regima er sunnimuslimske og landa jobbar tett saman. Bahrain er ferieøya til Saudi-Arabia, og fastlandet og øya heng både politisk saman og fysisk saman gjennom ei lang bru. Då protestane braut ut i Bahrain, ba dei Saudi-Arabia om hjelp, og saudiske troppar kjørte over brua for å hjelpe til med å stoppe protestane.

Vald, fengslingar og tortur vart og er framleis brukt mot protestantane. Sjølv om tortur og brot på menneskerettar vart dokumentert av ein uavhengig kommisjon allereie i 2011, har brota fortsatt fram til i dag. Det er mykje grunna dei høgtståande venene Bahrain har i Vesten og Saudi-Arabia.

Ved å samanlikne kva konsekvensar den arabiske våren hadde i Bahrain og Libya kan ein tydeleg sjå kva ulike alliansar og høgtståande vener betyr

Vald, fengslingar og tortur vart og er framleis brukt mot protestantane. Sjølv om tortur og brot på menneskerettar vart dokumentert av ein uavhengig kommisjon allereie i 2011, har brota fortsatt fram til i dag. Det er mykje grunna dei høgtståande venene Bahrain har i Vesten og Saudi-Arabia.

Enklare å angripe Gaddafi

Medan verdssamfunnet krympa seg over det valdelege svaret frå Gaddafi, og hans omfattande bruk av styrkar og vald, var det få som høyrde om det som skjedde i Bahrain. Gaddafi var av mange rekna som ein omdiskutert terrorist etter angrep utført i Skottland og Tyskland på 80-talet, og som ein anti-vestleg statsleiar som heller ynskja ein afrikansk storunion enn å samarbeide med Vesten.

Han hadde lenge blitt fargelagd av pressa som ein stormannsgal og eksentrisk leiar, og då valden braut ut mot det Vesten såg på som fredelege protestar for demokrati, var det lett å framstille han som «the big bad guy». Han hadde jo brukt våpen mot si eiga befolkning!

I Bahrain slo saudiarabiske og bahrainske styresmakter ned på dei som demonstrerte for arabisk vår og demokrati med ein skremmande styrke. Men demonstrantane i Bahrain fekk ikkje den same støtta som opprørarane i Libya.

Militærbase mot Iran

Grunnen til dette er tredelt: For det første har Vesten ei sterk tilknyting til Saudi-Arabia, og for det andre ønskjer spesielt USA å byggje ein militærbase på øya Bahrain for å vere nærmare Iran. Bahrainske styresmakter brukte det kalde forholdet mellom USA og Iran til sin fordel, ved å hevde at dei shiamuslimske protestantane jobba saman med Iran mot sunnimuslimske og vestlege interesser. For mange vestlege land var det viktig å behalde eit godt samarbeid til både Bahrain og Saudi-Arabia, og difor var valet enkelt når det kom til om ein skulle dømme menneskerettsbrota eller ikkje.

For det tredje var det enkelt for Vesten å gje inntrykk av å fremme demokratiske verdiar i Libya, eit land med ein leiar som det diplomatisk var vanskeleg å forhalde seg til. Med store rikdommar og verdas auger retta mot landet, var det ein god moglegheit til å vise at Vesten framleis kan «redde» andre frå klørne til farlege diktatorar – i alle fall om det ikkje går utover vestlege interesser.

Nasjonale interesser trumfar menneskerettane

Den amerikanske senatoren Jim Himes skildra dette problemet slik, etter å ha besøkt Bahrain i april 2012: -Om situasjonen her blir verre, vil vi havne i eit skikkeleg dilemma: Vi har ei grunnleggande tru på fridom og demokrati, men som alle nasjonar har vi og eigne interesser.

Det Jim Himes viser her er at menneskerettar er verdt å kjempe for – med mindre dei kjem i vegen for andre interesser.

I Libya var det i Vestens interesse at Gaddafi forsvann, og NATO greip difor inn med tilvising til brot på menneskerettar. Gaddafi vart borte, og det store spørsmålet er no korleis Libya kan bli eit land samla rundt eit politisk system som ikkje er autoritært og som tek vare på menneskerettane på ein betre måte. I Bahrain er det framleis kvar veke nye protestar mot regjeringa og deira brot på menneskerettane. Protestantar blir framleis fengsla og torturert, og hundrevis har mista statsborgarskapen sin. Likevel kjenner eit fåtal til situasjonen, og dei færraste land har tatt stilling til saken.

Vi har ei grunnleggande tru på fridom og demokrati, men som alle nasjonar har vi og eigne interesser. USA-representant på besøk i Bahrain

No som det er fem år sidan Gaddafi vart avsett er det eit godt
tidspunkt for å evaluere vestleg inngripen. I Libya kan ein ikkje seie
at det var udelt positivt at Gaddafi forsvann. Landet er framleis utan
ei effektiv regjering, og kjempar mot ulike militante grupper innanfor
landegrensene. Til sjuande og sist er det viktig å vite kvifor visse
situasjonar fører til inngripen, medan andre vert teia om, uansett om
det finnast dokumenterte tilfelle av menneskerettsbrot. Vi må gå i oss
sjølve og spørje: I kven si interesse handlar vi no; i interessa til
befolkninga der vi blandar oss inn, eller i eigeninteresse, for å
forbetre vårt eige omdømme, eller vår innflytelse?


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Franske myndigheters arv og ansvar

Algeriere på begge sider av Middelhavet venter fortsatt på at den franske regjeringen og politiet skal ta ansvaret for massakren på algeriske demonstranter i Paris 17. oktober 1961.

Aktuelt

På vei mot demokrati?

Et av verdens siste absolutte monarkier nærmer seg kanskje slutten. –Folk er lei, sier menneskerettighetsaktivist.

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.