Denne boka starter ikkje med dei første europearane som oppdaga 
Afrika. Det «før-koloniale» Sør-Afrika har ei lang historie med 
afrikansk busetting som går fleire titusen år tilbake i tid. Såleis har 
arkeologar ved Universitet i Bergen i samarbeid med sørafrikanske 
kollegaer og andre faggrupper stått i bresjen for utforsking av 
busetting i den sørlege Vest-Kapp-provinsen som er minst 100 000 år 
gamle. 
Etter eit kapittel om dei første afrikanske jeger- og sankarsamfunna 
tar Linné Eriksen (TLE) lesaren med på ei reise gjennom europeisk 
kolonisering og okkupasjon, vidare til opprettinga av Sør-Afrika Unionen
 i 1910, apartheid-tida og frigjeringskampen, fram til overgangen til 
demokrati og til slutt  til dagens politiske maktkamp og veksande 
frustrasjon over ANC-leiinga. 
Velskreve og til å bli klok av
Boka har ei populær form, ho er velskreve og lettlest. Men samtidig er denne boka noe langt meir enn berre ei kronologisk framstilling. Det er også ei fagbok der drøftinga av ulike historiske epokar og tema er solid forankra i den nyaste forskingslitteraturen. Som få andre beherskar TLE evnen til å streke opp dei store linjer i eit komplekst saksfelt og å trekke lesaren med seg inn i ein spennande historie. Dette er ei bok til å bli klok av og som også bør kunne gi dei fleste betre fundament for å forstå dei pågåande politiske omkalfatringane i Sør-Afrika.
Boka bør lesast av elles sindige norske kommentatorar og gamle anti-apartheid-aktivistar som tidvis har gått heilt av skaftet i sin indignasjon og moralske harme over president Zuma og dagens leiarskap i ANC.
Boka har likevel noen ujamne sider. Det er mest påtakeleg i det avsluttande kapitlet (skreve saman med Marianne Millstein) som omhandlar tida etter tusenårsskiftet og utfordringane Sør-Afrika nå har framfor seg. Dette er eit viktig kapittel, som bør lesast også av elles sindige norske kommentatorar og gamle anti-apartheid-aktivistar som tidvis har gått heilt av skaftet i sin indignasjon og moralske harme over president Zuma og dagens leiarskap i ANC. Men ei elles god analyse i kapitlet skjemmes av noe upresis informasjon og av at forfattarane sine eigne politiske vurderingar tidvis kan synes å prege presentasjonen og stenge for viktige vurderingar.
Det store spørsmålet om fattigdom og ulikskap
Det eine er det det store spørsmålet om utviklinga av fattigdom og 
ulikskap. Sør-Afrika er blant verdens mest ulike land målt etter inntekt
 og formue, arbeidsløysa er høg og halvparten av befolkninga lev i 
fattigdom. Alt dette er beskrive i boka, men omgangen med data er ikkje 
alltid like presis og bildet som blir streka opp kan fort bli for 
skeivt. Såleis blir vi fortalt med referanse til ein offisiell rapport 
frå det sørafrikanske statistikkbyrået at talet på folk som lev i 
ekstrem fattigdom auka dramatisk i perioden frå 2009 til 2014 (s. 154). 
Den referererte rapporten seier ikkje det. Den omhandlar perioden frå 
2006 til 2011 og viser noe heilt anna: ein sterk auke i talet på 
ekstremt fattige fram mot 2009 og deretter sterk reduksjon – frå 32 
prosent av befolkninga i 2009 ned til 20 prosent i 2011. Slike funn 
burde kanskje også føre til andre konklusjonar og andre spørsmål?
Viktigare er det at dette kapitlet ikkje får godt nok fram dei store 
endringane innafor den afrikanske befolkninga. Dei store endringane i 
ulikskapen i Sør-Afrika skjer her. Det er ikkje berre ei lita elite av 
«tenderprenørar» og politiske toppfolk som nyt av godt politisk endring.
 Afrikanarar i ei ekspanderande lågare middelklasse og sysselsette i den
 formelle økonomien er blant dei store sosiale og økonomiske vinnarane i
 det nye demokratiet. Ulikskapen mellom desse afrikanarane og den andre 
halvparten som lev i fattigdom burde ha fått ei betre framstilling.
Identitet, demografi og klasse
ANC si oppslutning blant kvite og farga er langt mindre. Nøkkelen til opposisjonspartiet Democratic Alliance sin framgang i Cape Town og Vest-Kapp provinsen ligg ikkje så mye – slik boka hevder – i at dette opposisjonspartiet gjer inntog blant afrikansk middelklasse – som er liten i denne provinsen – men at dei «vinn» dei farga veljarane: Vest-Kapp er den 
einaste provinsen der ein nasjonal minoritet (dei farga, som utgjer mest
 9 prosent av befolkninga på nasjonalt plan) er rundt halvparten av 
veljarane, mens afrikanarane berre utgjer ein tredjedel av veljarmassa i
 denne provinsen.
Aukande ulikskap i den svarte afrikanske befolkning og misnøye med 
leiarskapen til ANC har også ført til at ANC har gått noe tilbake i 
enkelte av dei andre storbyane (metropolane) og da spesielt i Mandela 
Bay (Port Elizabeth), Johannesburg og Pretoria. Her står også ANC i fare
 for å miste det reine  fleirtalet ved lokalvalet i august. I alle desse
 tre storbyane – og spesielt i Mandela Bay – er det større innslag av 
minoritetar enn i landet elles. Jokeren ved det kommande valet vil vere 
det venstre-populistiske Economic Freedom Fighters som har sterk appell blant særleg afrikansk ungdom.
Afrikanarar i ei ekspanderande lågare middelklasse og sysselsette i den formelle økonomien er blant dei store sosiale og økonomiske vinnarane i det nye demokratiet. Ulikskapen mellom desse afrikanarane og den andre halvparten som lev i fattigdom burde ha fått ei betre framstilling.
Eg saknar også ein diskusjon av kommunistpartiet si rolle. Partiet har hatt – som boka viser – ein viktig plass i anti-apartheid kampen, men deira rolle i dag er ikkje omtalt i det heile i boka. Det er underleg gitt deira sterke posisjon i regjeringa og rolla som storebror (eller søster) på den politiske venstresida. Derimot er det gitt plass til diskusjon av floppen Agang - men ingen diskusjon av det som er den fremste fanebæraren av arven frå black consciousness-bevegelsen på 1970-talet, AZAPO, der presidenten gjennom eit snautt ti-år under Mbeki sat i regjeringa som viseminister for utdanning og seinare statsråd for vitskap og teknologi.
Afrikansk stormakt?
Sør-Afrikas plass i globalhistoria og internasjonal økonomi er gitt ein god diskusjon i boka, men det blir for knapt og springande i avslutninga utover å påpeike korleis rammevilkåra frå verdsøkonomien også set skranker for utvikling. Sør-Afrika har slitt med å finne sin posisjon som afrikansk stormakt – forma som det er av sørafrikansk næringsliv på jakt etter profitt på kontinentet, og ein politisk leiarskap som er kjenslevar for afrikanske reaksjonar og framfor alt søker konsensus i relasjon til andre politiske leiarar i Afrika. Men det blir for lettvint å avfeie sørafrikanske initiativ for å styrke Afrikas posisjon som eit forsøk på å samle Afrika bak Verdbankens utviklingspolitikk.
Sørlandsforlaget Portal har produsert ei innbydande og gjennom 
illustrert bok. Men dei burde ha kosta på seg eit meir detaljert 
innhaldsoversyn, blant anna med sidereferanse til dei mange informative 
tekstboksane som TLE har laga (og TLE burde ha laga noen tilsvarande 
boksar om Norge-Sør-Afrika etter 1994 til det siste kapitlet). Det har 
også tidvis gått litt fort i sluttredigeringa. Den sørafrikanske 
presidenten og visepresidenten i perioden 2007-2014, Kgalema Motlanthe, 
er omtala to stader (s. 165 og s. 181) – men har fått namnet sitt skreve
 på to ulike måtar. Ingen av dei korrekte. Den sørafrikanske befolkninga
 er oppgitt på side 78 til å vere 51,8 millionar i 2011 mens det er 
blitt til 53 millionar i 2010 på side 151. (Men kvifor ikkje gi oss 
nyare tal? Overslaget frå statistikk-byrået i Sør-Afrika gir oss 55 
millionar i 2015).
Trass i noen innvendingar og kritiske merknadar: Dette er 
standardverket på norsk om Sør-Afrika det neste ti-året. Det er berre å 
glede seg til den neste bokgåva: TLE has lova oss Afrikas historie til neste år.
Tore Linné Eriksen:
Sør-Afrikas historie. Førkoloniale samfunn, apartheid og frigjøring
Kristiansand: Portal Forlag 2016



