Afrika.no Meny
Literatur

Slik talar kroppen mot kolonisering i Nervøse tilstander av Tsitsi Dangarembga

FOTO: Pickpik

Innleiing

For om lag to år sidan dukka Nervous Conditions (1988)[i] av zimbabwiske Tsitsi Dangarembga opp på norsk, faktisk for andre gong. Allereie så tidleg som i 1990 kunne ein skaffe seg dette verket i norsk språkdrakt. Då vart han utgjeven på Emilia Press som Sisi Tambu. Når denne halvvegs sjølvbiografiske romanen, som sikra forfattaren eit internasjonalt litterært ry, har kome ut att, er det i Merete Alfsens friskare omsetjing som Nervøse tilstander (2023).

Forfattarskapen inneheld også dei to påfølgjande binda, The Book of Not (2006) og This Mournable Body (2018), som i rask rekkjefølgje kom ut på bokmål som Alt jeg ikke er i 2024 og En kropp å sørge over i 2025. Til denne rekkja av romanar kan ein leggje essaysamlinga hennar, Black and Female (2022), relativt nyleg omsett til bokmål med tittelen Svart og kvinne (2023).

Tambudzai Sigauke, som hovudpersonen i romanane heiter, vart fødd inn i det britiske imperiet i 1955. Foreldra hennar var også produkt av imperiet, slik beste- og oldeforeldra hennar var viss ein går enda lenger attende i tid. Cecil Rhodes, den britiske forretningsmannen som vart styrtrik på diamantgruver i Sør-Afrika, og som var statsminister i Kappkolonien i perioden 1890-1896, kom med British South Africa Charter Company (BSAC), den private hæren sin på kring 500 mann, og heiste det britiske flagget i Salisbury (Harare) i 1890. På vegner av den britiske krona sørgde han for å annektere landet, og han vart ikkje mindre imperial av å kalle opp landet etter seg sjølv. I dette kolonisystemet vart det dessutan teke i bruk humanitære argument for å forsvare imperialismen. Som andre koloniherrar - eller kolonibøllar - som tok kommandoen verda rundt, var britane heilagt overtydde om at den kvite rasen hadde ei sivilisatorisk rolle og plikt til å oppdra genetisk lågareståande folkegrupper, gjennom skolegang og opplæring i den rette kristne tru.

Tambudzai forlèt sin fattigslege landsby og flyttar inn på ein metodistisk misjonsstasjon[ii], plassert i relativ isolasjon til resten av samfunnet. Flyttinga dit skjer takka vere bortgangen til broren Nhamo. Etter at han døde, fekk ho tilbod om å overta plassen hans på misjonsskolen, der onkelen Babamukuru jobbar som rektor. Hos denne onkelen får fattigjenta på tretten år også husvære. Han bur meir eller mindre som dei kvite i landet, og det blir eit merkbart sosialt byks å bli ein av bebuarane i mursteinshuset hans som ikkje er i nærleiken av noko ho har sett før. Der bur også tanta Maiguru og to søskenbarn, som ho lærer meir engelsk og tileignar seg nye idear og kunnskap av.[iii] I dette opphaldet på misjonsstasjonen kjem Tambudzai ikkje berre i berøring med ulike aspekt ved den europeiske livsstilen. Det ventar også eit møte med såkalla «imperialistisk inkulturasjon» når ho kjem lenger ut i opphaldet. Dette omgrepet «imperialistisk inkulturasjon» blir introdusert i Dangarembgas essaysamling Black and Female, der det blir brukt på følgjande kjensgjerning: Koloniherrane hadde knapt tvinga si kristne tru, kunnskapar og verdiar på lokalbefolkninga i Rhodesia, før det oppstod ei storstila fordriving og fortrenging og av deira eigne kunnskapssystem, metafysiske og rettslege system samt språk. I romanen opptrer ein slik inkulturasjon i form av misjonering, der store delar av familien, meir eller mindre av fri vilje, blir kasta ut i eit nytt, «sivilisert»-kristent univers.

Viktorianaren Babamukuru som imperiet sitt mektige instrument

Onkelen Babamukuru blir portrettert som ein kristen mann. Han er oppfostra av metodistane til å leve etter ein streng, protestantisk arbeidsetikk og eit viktoriansk verdisystem med det det inneber av ulasteleg sømd og «den rette» kristentru. Han er òg ein mann med ei overdriven religiøs og moralsk tilnærming til familiemedlemane i storfamilien. Dei som lever eit tradisjonelt landsbyliv med gamle, hevdvunne skikkar, får stadig innprenta at dei skal leve i pakt med den kristne Guds lov. For då vil Gud ordne alt til det beste for dei.

Babamukuru grip heilt usjenert inn mot det han ser på som liv sulka til av synd og usømmeleg oppførsel. Han tek til dømes initiativ til å ordne i stand eit bryllaup for foreldra til Tambudzai som ikkje er lovformeleg gifte. Argumentet hans er at bryllaup som kyrkjeleg ritual vil kunne reinse eller lutre sjelene deira. Han veit òg akkurat korleis det kjem til å bli etter bryllaupet. For det første vil det bli ein ende på alle dei ulykkene som har råka storfamilien i hopetal, og for det andre kjem dei til å oppleve at ei velsigning frå den himmelske far vil bli dei til del. På denne måten blir Babamukuru eit mektig instrument i imperiet si teneste. Ved hjelp av misjoneringa fører han meir eller mindre «heidenske» familiemedlemar inn i imperiet sitt viktoriansk-moralske univers.

Orda til Babamukuru har mykje tyngde, og denne definisjonsmakta han sit med, er bygd på betydeleg økonomisk, intellektuell og åndeleg kapital som han har erverva seg over lang tid i både inn- og utland. Langt på veg blir denne middelaldrande pater familias ståande som den uimotsagde eigaren av sann og sikker kunnskap og manikeisk sanning. Det siste er ei sanning som i stor grad er tufta på at det vonde og det gode, synd, fortaping og frelse er like handfast skilde frå kvarandre som svart og kvitt. Ser ein bort frå dottera Nyasha, eitt av mange rotlause barn i det britiske koloniveldet som ikkje passar inn, ho høyrer like lite heime blant engelskmennene som shonaene, er det ingen i familien som opponerer mot den faderlege makta og retten hans til å avgjere kva som skal oppfattast som sant og usant, rett og gale, i verda.

Koloniale ambivalensar - audmjuking og velsigning som to sider av same sak

Når det gjeld Tambudzai, er ho imot giftarmålet. Dei halvgamle foreldra som har levd lenge saman utan å gifte seg, lever i eit skrantande kompaniskap. I Tambudzais auge framstår det som ei parodisk, forvrengd hending at foreldra skal tre inn i ektestanden. Om ho strittar imot med kvar trevl i kroppen medan det blir gjort i stand til bryllaup, vågar ho likevel ikkje å seie kva ho tykkjer, noko som tydeleg kjem fram i det følgjande: “[…] … my doubts about the wedding had not resolved themselves. But I did not say anything and the preparation went ahead (min understreking) (s. 237).” Babamukuru greier altså å kneble jenta i den grad at ho gir avkall på å protestere.

Tambudzai har vidare vorte oppdregen med meir eller mindre eksplisitte beskjedar frå det metodistiske miljøet om kva som tel som synd og ikkje. Bryllaupet sluttar ikkje å heimsøkje ho, og ho kan ikkje skjenkje det ein tanke utan å få ei kjensle av å vere splitta i to delar, som verkar som kvarandre si rake motsetning. På den eine sida er ho offer for tankar som bortimot slavisk formar seg etter viktorianske førestillingar om synd, og då trer bryllaupet fram som eit ritual med velsignande kraft. På den andre sida er ho som nemnt den som kastar eit kritisk vurderande blikk på bryllaupet, og det som gjer ho så lite positiv til det, er at det utgjer eit trugsmål om fornedring av familien hennar.

“The whole business reduced my parents to the level of the stars of a comic show, the entertainers. I did not want to see them brought down like that and I certainly did not want to be part of it. So I could not approve of the wedding. This I acknowledged with half of my mind, but in the other half the black square of sin reappeared and grew to an alarming size” (s. 240).

Her kjem det dessutan fram via metaforen for synd, «the black square of sin», at syndsomgrepet er ein veldig rigid kategori, med skarpe kantar og grenser. Attpåtil er det i ferd med å vekse seg til uhandterlege dimensjonar, noko «grew to an alarming size» uttrykkjer. Om den rigide kristenlova har slått rot i Tambudzai slik at ho har fått noko av den same haldninga til bryllaupet som Babamukuru, har ho likevel ikkje tenkt seg i kyrkja. Ho vil nemleg ikkje bli ståande att med den store skamma og fornedringa dei vil bli utsette for via dei andre gjestene sitt blikk.

Slik talar jentekroppen mot kolonisering

Tambudzai er i stor grad prega av spenninga som utviklar seg frå denne urolege ambivalensen: Trugsmål om audmjuking og løfte om velsigning, opprør og lova forstått som internalisert syndsomgrep lever uroleg side om side i ho, som to sider av ei og same bryllaupssak. Med denne urolege ambivalensen kjem også eit kroppsleg, abjektalt opprør, som kjennest som intens kløe og ein trong til å gjere på seg. Dette er eit kroppsleg opprør som ser ut til å ha røter i den tidlegaste barndommen.

I verket Pouvoirs de l’horreur. Essai sur l’abjection frå 1980 tek psykoanalytikaren og semiotikaren Julia Kristeva utgangspunkt i den første perioden av barndommen som er kjenneteikna av ein mangel på differensiering mellom barn og mor. På dette tidspunktet er det lille barnet framleis ikkje merksamt på grensene mellom seg sjølv og mora. Denne fullkomne, relasjonelle eininga mellom mor og barn - denne grenselause, trygge, oseaniske eksistensen – opphøyrer først i primærnarcissismen då barnet avviser det moderlege som noko avskyeleg. Barnet som, lèt oss seie, spyttar ut den vemmelge maten, skil seg frå mora som byr på han. Ved å markere avsky for ho/maten på dette viset, opprettar barnet eigne grenser. Denne førverbale, kroppslege avskyen som barnet kjenner for mor si, spelar ei heilt vesentleg rolle som barnet si livvakt mot ein ikkje-eksistens i driftskaoset eller i morsskikkelsen. Kva meir er, avskyen tek form av eit mørkt opprør mot trugsmålet om identitetsutsletting i morsskikkelsen eller driftskaoset. I grunnen handlar det avskyelege, som alltid blir forbunde med morskroppen, om ei redsle for å bli slukt, det vil seie å tape identiteten sin. Det kan også bryte ut liknande kroppslege, abjektale opprør, gjerne forbundne med fordøyingskanalen, når ein fell inn i kriser og konfliktar i løpet av stadia etter primærnarcissismen.

Tambudzai betraktar dette giftarmålet mellom dei halvgamle foreldra med skrekk og gru:

Whenever I thought about it, whenever images of my mother immaculate in virginal white satin or (horror of horrors) myself as the sweet, simpering maid fluttered through my mind, I suffered a horrible crawling over my skin, my chest contracted to a breathless tension and even my bowels threatened to let me know their opinion” (s. 220).

Denne skrekken spring ut av at grensedragningar mellom motpolar held på å gå i oppløysing, mellom audmjuking og velsigning og mellom opprør og kristenlova forstått som internalisert syndstanke. Også grenseskiljet som er trekt opp mellom røyndom og narrespel, er i ferd med å bryte saman. Dette viser seg når figuren mora som rein, usmitta (immaculate) jomfru blir iblanda mora som oversliten «fleirbarnsmor» som har kjent dei harde og karrige realitetane på kroppen i mange år. Spenninga frå denne urolege ambivalensen gjer at noko flyttar på seg innvendig; Tambudzai held nesten på å gjere på seg, og såleis blir det oppretta nye, abjektale grenser. Dei er rett nok skjøre av natur, men spelar ei heilt vesentleg rolle som livvakt mot det skrekkelege bryllaupet, med det det inneber av reelt trugsmål om fornedring, kaos, grenseutvisking og identitetstap. Her viser jentekroppen også ein kraftig protest; faktisk overtek han heile protestrolla fordi ho ikkje opnar munnen, men tvert imot held inne med kva ho tykkjer om bryllaupet: «my bowels threatened to let me know their opinion» (s. 220).

Av andre fysiske plager Tambudzai ikkje slepp unna, er ein kraftig kløe. I Pouvoirs de l’horreur beskriv Kristeva kløen som eit symptomspråk som strukturerer noko framandt som kroppen ikkje greier å gjere seg heilt fortruleg med, og som han støyter bort via små sprekkar i huda. For Tambudzai er, som nemnt, ei førestilling om synd vorte kopla til foreldra sitt liv før kyrkjebryllaupet. Når ho likevel ikkje fullt og heilt greier å inkorporere denne pålagde syndsførestillinga, blir ho avvist og skvisa ut som ei framandarta sanning, gjennom dei små sprekkane i den kløande huda. (Sjølv om kløen som symptomspråk ifølgje Kristeva er innskriven i det symbolske systemet grunnlagt i den sekundære fortrenginga, inntek han ei protestrolle. Det skuldast at kløen ikkje underordnar seg den sekundære fortrenginga, reglane og systemet.) Dette kroppslege opprøret som kjennest som ein intens og vedvarande kløe, glir vidare over til å bli ein fare for ho sjølv. For han sørgjer for at kroppen hennar blir rykt ut av kontroll. Angsten høgg òg tak og gjer at mage og brystkasse trekkjer seg saman, og såleis misser ho ytterlegare kontroll over kroppen.

Samanbrot og gjennombrot

Det verkelege livet i koloniverda blir for vanskeleg å halde ut. For å kome seg utanfor Babamukurus rekkjevidde tek Tambudzai spranget inn i ein dissosiasjon den septemberdagen då bryllaupet skal stå. Om morgonen ligg ho som paralysert i senga, og kusina Nyasha, som står ved sengekanten, vender seg til ho utan å få respons:

«Nyasha talked to me. She tried to coax me out of bed, but I was slipping further and further away from her, until in the end I appeared to have slipped out of my body and was standing somewhere near the foot of the bed, watching her efforts to persuade me to get up and myself ignoring her” (s. 244).

Snarare enn å kjenne kroppen frå innsida som ein del av seg, betraktar ho han frå utsida, ovanfrå og på avstand, i det augeblikket ho opplever denne dissosiasjonen. Kroppen i liggjande posisjon er der, men ingen er heime. Når han er som eit utkrope eller forlate objekt som han er her, når ho framandheita i koloniverda i si mest ekstreme form.

Det ho opplever der ho svever over seg sjølv, er også i nær slekt med ei anna fråstandsrørsle: Dagen før bryllaupet smatt ho ut av huset for å stikke seg bort på jenteinternatet i håp om å oppleve ein trygg, alternativ opphaldsstad der. Begge distanseringane røper at Tambudzai står utan ein heim i ei koloniverd som ved første augekast – og berre ved første augekast - høyrer til Babamukuru. Han har nesten overteke koloniherren sin posisjon, og akkurat som den kvite, vestlege mannen har han tura fram som han ville med storfamilien og tvinga dei inn i den europeiske kulturtradisjonen og religiøse praksis.

Dette kraftige samanbrotet ser vidare ut til å leie til eit nytt gjennombrot. Så snart ho har vendt tilbake til den gamle skikkelsen sin og kjenner kroppen frå innsida som ein del av seg sjølv igjen, er ho ved eit punkt der ho erkjenner at ho er nøydd til å ta eit val. Jamvel om ho veit at ho vil kome ut for Babamukuru sin vreide og harme, og at ho risikerer skoleplassen på misjonsskolen, går ho rett på sak: «I am sorry Babamuru,» I said, «but I don’t want to go to the wedding» (s. 245). Her stiller ho seg i open opposisjon til autoritetsfiguren og slakkar ikkje ein millimeter på avgjerda om å halde seg langt unna bryllaupsseremonien, der rolla hennar skulle vere brudepika si. Dette valet teke under tyngda av Babamukurus strenge blikk, om det kan sjå smått og ubetydeleg ut der og då, er eit val som skil mellom to ulike verdsordenar, mellom imperiet og motstanden mot det.

Dessutan, det som fører til at ho samlar seg og forvandlar seg til å bli sin eigen person så å seie, er at ho på denne måten, med klare, reine ord, fortel at ho ikkje kjem til å dra i bryllaupet. Frå dette augeblikket Tambudzai riv seg laus frå onkelen eller imperiet si lov, som både er kristen, fallisk, framandarta og rigid, greier ho også å setje ein stoppar for fleire framtidige samanbrot. Ho som kategorisk har avvist koloniseringa, har på ny fått kontroll over kropp og sjel eller sjelskroppen om ein vil.

_________________

[1] Tsitsi Dangerembga, Nervous Conditions, London 2021. Alle dei engelske sitata er henta frå denne pocketboka, som vart utgjeven av forlaget Faber.




Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.