Afrika.no Meny

Landprofil 2012-2013

Uganda

Den 9. oktober 2012 feira Uganda 50 år med sjølvstende. President Yoweri Museveni har sitte på makta sidan 1986. Landet har, sidan Museveni tok makta, i stor grad vore prega av økonomisk framgang og stabilitet, og vist seg i stand til å motverke spreiing av hiv/aids. Men presidenten og hans parti, National Resistance Movement (NRM), blir kritisert for at den økonomiske veksten i altfor liten grad har kome grasrota til gode og for at han ikkje verkar villig til å gi makta frå seg. I tillegg har det vore borgarkrig nord i landet frå omtrent sidan Museveni kom til makta og fram til 2006. Tilliten til dagens regime har etterkvart blitt rimeleg slitt.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Siste val var i februar 2011. Mange var spent på om Museveni ville gå av om han tapte valet, men den sitjande presidenten vann med i underkant av 70 prosent av stemmene etter ein relativt skiten valkamp. Opposisjonen, med Kizza Besigye og partiet Forum for Democratic Change (FDC) i spissen, underkjente valresultatet, og valet ble sterkt kritisert av internasjonale valobservatørar. Det resulterte i ein del sosial uro og debatt om at den arabiske våren var i ferd med å smitte over på Uganda. Men dette vart effektivt slått ned på.

Uganda har i dei siste ti åra gjort store framsteg mot å verte meir demokratisk. I 2005 kom det ei grunnlovsendring som tillat politiske parti og i 2006 hadde landet det fyrste fleirpartivalet på 25 år. Men i ettertid har avgrensinga på kor lenge ein valt president kan sitje på makta blitt avskaffa. Mykje tyder på at Museveni ikkje er villig til å gi frå seg makta.

Handel og næringsliv
Uganda er ein jordbruksnasjon. Mesteparten av jordbruket er sjølvberging, men landet eksporterer ein del kaffi og fisk til verdsmarknaden. Landet eksporterer òg andre matvarer til nabolanda og i sær til Sør-Sudan. Modernisering av landbruket med tanke på eksport er eit sentralt tema for styresmaktene i landet.

Mangel på energi og elektrisitet har vore og er framleis eit stort hinder for industriutvikling. Elektrisitetsnettet er svært ustabilt og ein klarer ikkje å produsere nok strøm til nasjonale behov. Fleire vasskraftverk er under utbygging. Norske selskap har interesser i vasskraftutbygging i Uganda, samt i samferdsel og landbruk. Det er funne olje i Lake Albert, noko som det er knytt håp til, men i og med at olja er funne i grenseområdet mellom Uganda og Kongo-Kinshasa, er det ikkje uproblematisk å avgjere eigarskap til ressursane. Dei lokale styresmaktene i Lake Albert-regionen stiller dessutan krav om at delar av inntektene må nyttast lokalt.

Uganda har vore ei suksesshistorie målt i økonomisk vekst etter store strukturtilpassingar på 1980-talet. Den årlege økonomiske veksten har vore på rundt 8 prosent dei siste 10 åra, men den har i alt for liten grad kome det breiare lag av folke til gode. Dei siste to åra har økonomien vore prega av stigande inflasjon.

Konflikten i nord
Joseph Kony og Herrens Motstandshær (Lord´s Resistance Army – LRA) kom i 2012 på ny i medias søkelys på grunn av den amerikanske organisasjonen Invisible Children sin film og kampanje Kony 2012. Det nordlege Uganda har sidan Museveni kom til makta vore prega av en konflikt med enorme humanitære lidingar og overgrep mot sivile. Konflikten er mest kjend for kidnapping av barn, voldtekter, amputeringar og bruk av barnesoldatar.

Regimet har vore flinke til å skulde desse handlingane på LRA og Joseph Kony, medan ansvaret i røynda er meir delt enn dei vil vedkjenne seg. Krigen i nord starta som ein motstand mot Museveni sitt regime i 1986. Styrkane som kjempa mot Museveni sine soldatar har hatt ulike namn, men sidan 1987 har LRA vore den dominerande røyrsla. Konflikten hadde sine største toppar i 1997 og 2003. Sidan våpenkvila frå 2006 har regionen stabilisert seg mykje.

Store delar av folket i Nord-Uganda budde frå midten av nittitalet i flyktningleirar. Livet i desse leirane var i stor grad prega av frykt for eigen tryggleik og forbod mot å bevege seg utanfor leirane. Dermed var det inga mulegheit for å dyrke jorda, noko som førde til ekstrem fattigdom. Sidan 2006 har tryggleiken i området betra seg vesentleg og folk har i stor grad flytta attende til landsbyane sine og tatt fatt på å dyrke jorda att. I høgda av konflikten budde rundt 1,8 millionar som internt fordrivne i Nord-Uganda, i dag er talet nede på rundt 30 000.

Det er noko uvisst kvar LRA oppheld seg no, men truleg fins fortsatt restar av hæra i Den sentralafrikanske republikk. Kony er ettersøkt av Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Sosiale tilhøve
Uganda er samansett av mange ulike etniske grupper. Landet har mange ulike språk, men engelsk, luganda og swahili er dei viktigaste. Engelsk er brukt i dei fleste offisielle samanhengar, medan luganda er det største språket og vert snakka i regionen rundt Kampala. Swahili er offisielt språk i lag med engelsk, men vert lite nytta av andre enn militæret.

Uganda er eit av dei landa i verda som har høgast folkevekst, med ein årleg vekst på 3,6 prosent. Av den grunn har landet ei ung befolkning, der omtrent 50 prosent av folketalet er under 15 år. Landet slit framleis med mykje fattigdom og det er anslått at omtrent 35 prosent lev på under 1,25 dollar om dagen. Det er store regionale skilnadar mellom nord og sør når det kjem til fattigdom og tilgang til helse og andre offentlege tenester. Det krigsherja Nord-Uganda og Karamoja i nordaust kjem verst ut.

Utdanning vert sett på som svært viktig i Uganda. Mange unge drøymer om høgare utdanning sjølv om det er svært vanskeleg for unge med utdanning å få jobb. Utdanning er kulturelt viktig og blir sett på som eit steg mot det moderne og kosmopolitiske.

Pressefridomen i Uganda er relativt stor sjølv om enkelte overtramp mot pressa finn stad. Kritiske journalistar blir frå tid til anna arrestert for å seinare bli lauslate og radiokanalar har blitt stengte i samband med store demonstrasjonar og opptøyar.

Uganda har store utfordringar framom seg. Men trass i at tilliten til presidenten er tynnslite, er det eit land som er rikt på ressursar og som er i framgang.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Landinformasjon



Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Det siste arbeidet med bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2019. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.