Afrika.no Meny

Landprofil 2010-2011

Uganda

Uganda vart sjølvstendig i 1962 og er kanskje mest kjend for Idi Amin og seinare for Lord´s Resistance Army (LRA) og Joseph Kony. Men trass i kva landet er kjend for, er Uganda eit land sterkt prega av optimisme og framgong.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Med Yoweri Museveni som president har Uganda hatt økonomisk framgong i over to tiår, landet har greidd å motvirke spredning av HIV og AIDS og storparten av landet har vore fredfullt. Men Museveni blir kritisert for at den økonomiske veksten i alt for lita grad har kome grasrota til gode og for at han ikkje ser ut til å vere villeg til å gi makta frå seg. Han har sete som president sidan 1986. I tillegg til dette har det vore borgarkrig nord i landet omtrent sidan Museveni kom til makta, ein krig den sitjande regjeringa ikkje har vore i stand til, eller hatt vilje til å stoppe.

Politisk situasjon
Opposisjonen i landet er veksande, men fragmentert. Dei ulike partia har ikkje greidd å stå samla som eit reelt alternativ til Museveni sitt National Resistance Movement (NRM). Partia har óg hatt problem med å bli einige om sitt eige leiarskap. Neste val vil vere i februar 2011, men det er knytt spenning til om Museveni vil gje frå seg makta om han tapar valet.

I 2007 arrangerte Uganda toppmøte for leiarane i Samveldelanda med stort hell. Dette gav landet og regjeringa mykje internasjonal tillit og prestisje, men i etterkant har det kome mykje kritikk av økonomistyringa av dette arrangementet. Eit anna tema som blir stadig meir spent er landspørsmål og landrettar. Bugandakongedømet, det største kongedømet i Uganda med hovudsete i Kampala, er stadig kritisk til regjeringa si handtering av land som ligg innanfor dette kongedømet. Dette har ført til auka spenningar mellom regjeringa og kongedømet, som toppa seg i september 2009, då regjeringa nekta kongen å reise på eit offisielt besøk utan godkjenning. Dette førte til gateopptøy og valdelege samanstøyt mellom demonstrantar og politi, der eit tjuetals menneske mista livet. Kongedømet sin radiokanal, CBS, vart stengt av styresmaktene og anklaga for å ha oppfordra til vald. Begge partar har klaga kvarandre inn for rettssystemet.

Konflikten i nord
Det nordlege Uganda har sidan Museveni kom til makta vore prega av konflikt. Dette har vore ei konflikt prega av enorme humanitære lidingar og overgrep mot sivile. Konflikten er kjend for  brutale overgrep mot sivilbefolkninga, kidnapping av barn, voldtekter, amputeringar av lepper og lemmar og utstrakt bruk av barnesoldatar. Styresmaktene i Uganda har vore flinke til å tilskrive desse overgrepa til LRA (Herrens motstandshær) og Kony, medan ansvaret for desse overgrepa kvilar meir på regjeringsstyrkane enn dei likar å vedkjenne seg. Krigen i nord starta som ein motstand mot Museveni sitt regime i 1986. Det har vore ulike namn på styrkane som kjempa mot Museveni sine soldatar, men sidan 1987 har LRA vore den dominerande rørsla. Konflikten hadde sine største toppar i 1997 og 2003. I 2006, 2007 og starten av 2008 låg det an til fruktbare fredssamtalar, men ingen avtale har blitt underteikna.

Store delar av folket i Nord-Uganda budde frå midten av nittitalet i flyktningleirar. Livet i desse leirane var i stor grad prega av frykt for eigen tryggleik, forbod mot å bevege seg utanfor leirane - og dermed inga mulegheit for å dyrke jorda - og ekstrem fattigdom. Sidan 2007 har tryggleiken i området betra seg vesentleg og folk har i stor grad byrja å flytte attende til landsbyane sine og tatt fatt på å dyrke jorda att. Eit anna teikn på framgong og optimisme i regionen er den massive byggeaktiviteten i den regionale hovudstaden Gulu. Men framleis lev om lag 800 000 som internt fordrivne.

Det er noko uvisst kvar Kony og LRA held til for tida, men det verserar rykte om både nordaustlege Kongo (DRC) og Den sentralafrikanske republikk. Det har òg vore meldt at dei har vore i kamphandlingar i Sør-Sudan i siste halvdel av 2009.

Handel og næringsliv
Uganda er ein jordbruksnasjon. Mesteparten av jordbruket er sjølvberging, men landet eksporterar òg ein del kaffi og fisk til verdsmarknaden. Det er òg ein relativt stor eksport av andre matvarer til nabolanda og i sær til Sør-Sudan, der matvareprisane er høge. Modernisering av landbruket med tanke på eksport er eit sentralt tema for styresmaktene i landet.

Mangel på energi og elektrisitet har vore og er framleis eit stort hinder for industriutvikling. Fleire vasskraftverk er under utbygging og styresmaktene tek grep for å rette opp i problemet. Fleire norske selskap har interesser i vasskraftutbygging i Uganda.

Det er i seinare tid blitt funne olje i Lake Albert og det er knytt håp om at dette skal vere med på å lyfte landet økonomisk. Som alltid ved store funn av naturressursar blir det stilt spørsmål om eigarskap og rettar til ressursane. Eit sentralt problem ved desse oljeførekomstane er at dei ligg i grenseområdet til Kongo (DRC). Lokale styresmakter frå Lake Albert-regionen har òg kravd at ein del av inntektene frå olja skal nyttast lokalt. For at oljeutvinninga skal kome folket i Uganda til gode må det stillast solide krav til økonomisk berekraft og gjennomsiktligheit.

Sosiale tilhøve
Uganda som nasjon er samansett av mange ulike etniske grupper. Landet har mange ulike språk, men engelsk, luganda og swahili er dei viktigaste. Engelsk er språket brukt i dei fleste offisielle samanhengar, medan luganda er det største språket og vert snakka i regionen rundt Kampala. Swahili er offisielt språk i lag med engelsk, men vert lite nytta av andre enn militæret.

Uganda er eit av landa i verda med høgast folkevekst, med ein årleg vekst på 3,4 prosent. Som eit resultat av dette har landet ei ung befolkning, der ca 50 prosent er under 15 år. Landet slit framleis med mykje fattigdom og om lag 35`prosent lev under fattigdomsgrensa.

Det er relativt stor pressefridom i Uganda sjølv om enkelte overgrep finn stad. Mykje av pressa er svært kritisk til regjeringa og enkelte journalistar blir frå tid til anna arrestert og seinare lauslate. Det har òg vore tilfelle av radiostasjonar som har blitt stengt. Dei viktigaste avisene er New Vision og Daily Monitor. Den største, New Vision, er i stor grad regjeringslojal, medan Daily Monitor er djupt kritisk til NRM sitt styre.

Trass i store utfordringar er Uganda eit land i utvikling. Landet har tatt viktige steg i retning mot demokratisering, kvinner sin posisjon er blitt gradvis betra i seinare tid, landet har over dei siste to tiåra hatt økonomisk vekst og tryggleiken i nord er vesentleg betra dei siste åra. Om Uganda klarer å fortsette denne utviklinga er det stor grunn til optimisme.

Landfakta:

Areal: 241 038 km2 (33. størst)

Folketall: 38 millioner

Befolkningstetthet per km2: 131

Urban befolkning: 13 prosent

Største by: Kampala - ca. 1,4 millioner

BNP per innbygger: 500 USD

Økonomisk vekst: 9,5 prosent

HDI-plassering: 157


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Landinformasjon



Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Det siste arbeidet med bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2019. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.