Afrika.no Meny
Film

Løfter Tsjads mørkaste historier fram i lyset

-Aldri mer! står det på plakaten i dette bildet fra filmen «Hissène Habré - en tsjadisk tragedie».

– Om 50 år trur eg Tsjad er eit land som kan stå på heilt eigne bein, seier regissør Mahamat Saleh Haroun. Han ser lyst på framtida. Men det er Tsjads mørke fortid som er tema i hans siste film.

– Eg ønskjer å løfte fram offera frå skuggen.

Det er den prislønte regissøren si forklaring på kva som motiverte han til å fortelle dei forferdelege historiene om kva som skjedde under regimet til Tsjads tidlegare diktator Hissène Habré.

I 2010 vart Haroun tildelt pris i Cannes for filmen «En mann som skriker». Hans nyaste film er av dokumentarisk art, og publikum får bli kjent med fleire personer som Haroun har møtt i Tsjads hovudstad N’djamena. Desse menneska har til felles at dei opplevde tidlegare president Habré si tid ved makta.

Arr som ikkje gror

I det som kanskje er den sterkaste scena møter me to menn, torturisten og offeret hans. I scenen blir det tydeleg at det framleis er ein veg å gå før alt det gamle er gløymd, for unnskyldninga sit langt inne. Men det ender til slutt med at torturisten kneler framfor offeret sitt og seier lågt at han vart tvungen til å gjennomføre torturen.

Foto: Vegard Tjørhom

Filmregissøren Mahamat Haroun frå Tsjad har laga dokumentar om ei mørk tid i landets historie. Foto: Vegard Tjørhom

Mannen som var hovudansvarleg for torturen var president Hissène Habré, som regjerte i Tsjad frå 1982 til 1990. Mannen har fått kallenamnet «Afrikas Pinochet» for måten han torturerte og forfølgde sitt eige folk på. Det skulle likevel ta 26 år før rettssystemet fekk gjennomført ein rettssak mot Habré. Det heile enda i fjor, etter mange års kamp frå representanter for ofra, med at diktatoren vart dømd til livstid i fengsel i ein rettssak som er blitt kalt ein milepæl i afrikansk rettshistorie.

Men mange av arra han forårsaka kjem aldri til å gro, og det er desse såra Haroun vil vite meir om i filmen «Hissène Habré, ein tsjadisk tragedie».

Optimistisk for Tsjads framtid

Afrika.no snakka med Haroun under eit besøk i Oslo. Regissøren, som har base i Paris, innser at Tsjad står overfor mange problem, men er optimistisk for framtida til landet sitt.

– Me kjem til å forsterke oss og bevege oss framover. Det er utfordrande tider med både Boko Haram og låge oljeprisar, og dette kjem til å bli ei utfordring i åra som kjem. Korleis skal me klare å forsvare vårt territorium, og samstundes byggje eit demokrati? Det er spørsmålet. Denne utfordringa deler me med Niger, Mali, Burkina Faso og dei andre landa i Sahel, seier Haroun.

Dagens regime i Tsjad er på langt nær like brutalt som regimet til Hissène Habré, men også dagens president, Idris Déby, får kritikk for å styre landet med hard hand.

Regissør Haroun kjenner president Déby personleg, og er langt mindre kritisk til dagens regime i Tsjad enn det utanlandske ekspertar er.

Det tok 200 år frå den franske revolusjonen til dei hadde eit ordentleg demokrati i Frankrike, så ein kan ikkje forvente at Tsjad skal bli eit demokrati berre 30 år etter at Habré vart fjerne frå makta

– Me har meir fridom i dag enn under Habré. Under Habré hadde me berre ei avis og eit parti. No har me 40-50 parti, og me har frie val, sjølv om me ikkje er perfekte. Det tok 200 år frå den franske revolusjonen til dei hadde eit ordentleg demokrati i Frankrike, så ein kan ikkje forvente at Tsjad skal bli eit demokrati berre 30 år etter at Habré vart fjerne frå makta, seier Haroun.

Korrupsjon og Nollywood

Han kjenner seg heller ikkje att i påstandane om at korrupsjon er ei utfordring, sjølv om landet ligg på 159. plass blant dei 176 som Transparency International har vurdert i sin korrupsjonsindeks.

– Eg kjenner ikkje til korrupsjon. Har du høyrt om det i Tsjad? Eg veit ikkje korleis dei analyserer desse indeksane. Eg kan ikkje skildre korrupsjonen i Tsjad, fordi ein må ha sett det for å kunne skildre det, seier Haroun.

Den prislønte regissøren er altså fan av dagens Tsjad, og stolt afrikanar, men ikkje like stolt av filmindustrien Nollywood, som han meiner berre er skapt for å tene pengar.

For som filmmediets mann meiner han at det er historiene som skal vere drivkrafta, og ikkje pengar.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Disse filmopplevelsene gleder vi oss til på Film fra Sør

Det er mye å glede seg til når den årlige filmfestivalen Film fra Sør går av stabelen i hovedstaden 12.-20. november denne høsten. For dem av oss som håper på et bredt utvalg afrikanske filmer, kan festivalprogrammet glitre med hele sju filmer fra ulike deler av kontinentet.

Men hvilken skal den Afrika-interesserte velge? Her er en oversikt over de afrikanske høydepunktene på årets festival:

Politisk utvikling

Tunisia: På vei mot diktatur?

Tiltakene president Saied innførte i Tunisia i september gjør det mulig for ham å beholde makten i landet på ubestemt tid. Folk er nå redde for at Tunisa beveger seg mot å bli et diktatur.

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.