Afrika.no Meny

Landprofil 2014-2015

Zambia

Zambia er eit fredeleg land med ein veletablert demokratisk tradisjon.  Landet har opplevd solid og vedvarande økonomisk vekst det siste tiåret og har hatt ein relativt stabil makroøkonomisk situasjon. Zambia har kring 14,5 millionar innbyggjarar, med årleg befolkningsvekst på 2,8%. Trass økonomisk vekst er fattigdom og arbeidsløyse store utfordringar.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Politisk bakgrunn

Zambia var ein britisk koloni fram til 24. oktober 1964, då landet vart uavhengig etter ein fredeleg overgong.  Dei fyrste åra hadde Zambia eit fleirparti-system, men frå 1972 vart eittpartistaten innførd med det sosialistiske United National Independence Party (UNIP) som einaste lovlege parti. Kenneth Kaunda vart Zambia’s fyrste president i 1964 og sat ved makta fram til 1991. Ved uavhengigheita og dei fyrste tiåra var Zambia med sine store kopparførekomstar eit av dei mest velståande landa i Afrika, men etter stigande oljeprisar og fallande kopparprisar, vart Zambia nedtyngd i gjeld, og på 80-talet utvikla dette seg til både økonomisk og politisk krise.

 I 1991 vart fleirpartistaten gjeninnført då Movement for Multiparty Democracy (MMD) vann det demokratiske valet og Kenneth Kaunda måtte akseptere valnederlag. MMD innførte Verdsbankens politiske og økonomiske liberaliseringspolitikk i eit hurtig tempo. I løpet av få år vart dei fleste statseigde selskapa privatiserte, og ofte var dei svært underprisa. Etter kvart fekk Zambia endeleg sletta den store utanlandsgjelda gjennom Det internasjonale pengefondet sitt  HIPC-program (Highly Indebted Poor Countries). MMD vann vala i 1996, 2001 og 2006, samt presidentvalet etter president Levy Mwanawasas død i 2008. Partiet vart sitjande med makta heilt fram til 2011, då opposisjonspartiet Patriotic Front (PF) med Michael Sata i spissen vann valet som vart sett på som relativt fritt og rettferdig. Det var stor spenning rundt dette valet, men regjeringsskiftet gjekk fredeleg for seg og vart ein milepæle for det zambiske demokratiet som no kunne vere stolt av to val der opposisjonen hadde vunne og overteke makta på fredeleg vis. Då president Sata døydde i 2014, vart visepresident Guy Scott fungerande president i tre månadar, som Afrikas fyrste kvite statsoverhovud sidan apartheid, før suppleringsvalet i januar 2015.

Presidentvalet i januar 2015 vart vurdert til å vere relativt fritt og rettferdig av internasjonale observatørar, men var prega av politisk motivert vald og opptøyar mellom medlemmar av ulike parti i forkant. Edgar Lungu frå PF vann valet med 2 prosent høgare oppslutning enn opposisjonskandidaten Hakainde Hichilema frå United Party for National Development (UPND). Valet i 2015 hadde den lågaste oppslutninga i Zambias historie, med eit oppmøte på berre 32,36 prosent.

Folk flest var positive til at PF vann presidentvalet og dermed kunne gjere seg ferdige med sin regjeringsperiode, men mange håpar no på regjeringsskifte ved det ordinære valet 11. august 2016. Edgar Lungu er ikkje like karismatisk som sin forgjengar Sata og vert sett på som ein svak leiarskikkelse. Han gjekk til val på å fullføre PFs planlagde program med fokus på å bygge ut infrastruktur og auke sysselsetjinga, men har hittil ikkje gjort store endringar. Ei positiv overrasking var då Lungu rett etter valet kunngjorde at han ville gjere sitt yttarste for å få den nye grunnlova på plass så snart som råd. Lungu utpeikte og landets fyrste kvinnelege visepresident, Inonge Wina.

Lungu har ikkje full støtte i sitt eige parti. Mange er bekymra for at Lungu ikkje slår hardt nok ned på korrupsjon, som er eit alvorleg problem i Zambia. Landet vart rangert som nummer 76 av 168 land på Transparency International sin Corruption Perceptions Index i 2015 med 38 poeng av 100 (Der 0 er veldig korrupt og 100 korrupsjonsfritt). Det finst mykje kvardagskorrupsjon, og politiet er den institusjonen som flest innbyggjarar har negative erfaringar med. Kampen mot korrupsjon er ein politisk prioritet, men resultata let vente på seg. Rettsakar mot politikarar og offentlege tilsette er ofte mot politiske opponentar og i mindre grad mot representantar for den sitjande regjeringa.

Økonomi

Zambia har ein blanda økonomi der gruvedrift, jordbruk, bygg- og anleggsektoren og industri, samt transport, kommunikasjon, kraftproduksjon og turisme er viktige. Zambia er ein av verdas største kopparprodusentar, -og metallet utgjer størstedelen av Zambias eksportinntekter. Landet er derfor svært sårbart for svingingar i kopparprisen, og mykje av landets økonomiske opp- og nedturar sidan frigjeringa har vore knytt til varierande kopparprisar og utvinningseffektivitet. 

Det siste tiåret har Zambia i snitt hatt ein økonomisk vekst på opp mot 7 prosent, grunna både god økonomisk styring, høge kopparprisar og aukande internasjonale investeringar, særleg frå Kina. Inflasjonen låg på omkring 7 prosent mellom 2010-2015. Grunna den vedvarande økonomiske veksten vart Zambia i 2011 oppgradert til eit lågare mellominntektsland av Verdsbanken. Likevel, den økonomiske veksten har ikkje bidrege til betydeleg fattigdomsreduksjon: Om lag 60 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa, og 42 prosent lever i det FN karakteriserar som ekstrem fattigdom. Fattigdommen er størst på landsbygda. Medan den zambiske økonomien er avhengig av kopparindustrien, sysselsetjer jordbruket over 70 prosent, utan at det bidreg særleg til økonomisk vekst og utvikling.

Ifølge Zambias statistiske sentralbyrå arbeider fleirtalet (90 prosent) av befolkninga i den uformelle sektoren, og berre om lag 10 prosent er tilsett i den formelle sektoren. Arbeidsløysa blir sagt å ligge på rundt 8 prosent, men  ifølge andre kjelder er den langt høgare, opptil 50 prosent.

Den noverande regjeringas store satsing på utbygging av infrastruktur har delvis vorte finansiert gjennom internasjonale lån, og utanlandsgjelda har auka markant sidan PF-regjeringa overtok makta i 2011. 2015 vart eit dramatisk år for den zambiske økonomien. Kwachaen var i fritt fall og gjekk frå 6 kwacha per dollar til 14 kwacha per dollar på det verste. I ein import-avhengig marknad har dette ført til store prisauker på mat og andre basisvarer. Inflasjonen nådde eit foreløpig toppnivå på 21.8% i januar 2016. Dette har skapt stor usikkerheit i befolkninga og gjort den sitjande regjeringa svært upopulær.

Sivilsamfunn

Staten eig dei største avisene, radiokanalane og TV-kanalane, og deira dekning er som regel i regjeringas favør. Det finst  mange uavhengige aviser av varierande kvalitet, men desse er mest lesne i Lusaka og dei andre storbyane. Utanfor byane finst det mange uavhengige, lokale radiokanalar. Zambia praktiserer pressefridom og har i prinsipp ingen internettsensur. Det har likevel hendt at svært kontroversielle nettaviser og bloggar har vorte stengde, men desse har gjenoppstått i sosiale medier. Facebook har dei siste åra vorte ei viktig nyheitskjelde med mange varierte sider som publiserer daglege nyhender.

Det zambiske sivilsamfunnet står sterkt og har ofte lukkast i å løfte saker på den politiske agendaen og legge press på regjeringa. Sivilsamfunnsorganisasjonar er viktige kjelder til informasjon og vert tileigna stor plass i samfunnsdebatten av både statlege og privat-eigde medier.

Hiv/aids og helse

Zambia var eit av landa som vart sterkt råka av hiv/aids-epidemien, som har vore fokus for mykje internasjonal bistand. I dag er medisinar og jamlege helsesjekkar for hiv-smitta gratis. Mange hiv-smitta er yrkesaktive og lever tilnærma normale liv i dag. Talet på nye tilfelle er redusert, og prosentandelen av hiv-smitta har gått ned til dagens nivå på 12,5 prosent. Ein har oppnådd gode resultat i å forhindre smitte frå mor til born ved fødsel og amming.

Utdanning

Trass Zambias satsing på utdanningssektoren der ein har klart å få 93 prosent av borna til å byrje på skulen, avsluttar dei fleste skulegongen før eller etter eksamen i 7.trinn. Mange fordi dei stryk eller gjer det så dårleg at dei ikkje kjem inn på ungdomsskulenivå, andre fordi dei må ta seg arbeid. Før neste eksamen i 9.trinn fell enda fleire frå, spesielt jenter og ungdom på landsbygda som ventar born og må forsørgje seg sjølve.  Kvaliteten på lærarar, læremiddel og offentlege skular er for dårleg, og kapasiteten er sprengt. I eit land der halvparten av befolkninga er under 15 år, er dette noko som kan få djupe langtidskonsekvensar for den zambiske økonomien når det kjem til arbeidsløyse og mangel på kvalifisert arbeidskraft.

Bistandssamarbeid

Zambia har vore ein av dei største mottakarane av norsk bilateral bistand heilt sidan uavhengigheita i 1964. Dei seinare åra har norsk bistand til Zambia utgjort rundt 300 millionar kroner årleg. Ein stor del av støtta går til kapasitetsbygging for offentleg økonomisk styring og tiltak for å motverke korrupsjon og skape meir openheit kring bruk av offentlege midlar i Zambia. Dette omfattar støtte til riksrevisjonen, Skattedirektoratet, sentralbanken, kvitvaskingseinheita «Financial Intelligence Unit», samt Transparency International. Ein støttar også det sivile samfunn, forsking og høgare utdanning, kvinnerettigheitar og likestilling, forvaltning av naturressursar, samt opplæring i klima-tilpassa jordbruk, matsikkerhet og miljø. Norge vurderer også å auke sine økonomiske investeringar i den private sektoren i Zambia. Trass gode resultat over lang tid, førte kuttet i det norske bistandsbudsjettet i 2015 til ei avgjersle om å legge ned den norske ambassaden i Zambia i løpet av 2016.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe