Afrika.no Meny

Landprofil 2014-2015

Mauritius

Republikken Mauritius er ein liten øystat i Det indiske hav med rundt 1,3 millionar innbyggarar. Mauritius har lenge skåra høgt på så vel økonomiske som politiske indikatorar. Høg økonomisk vekst, godt styresett og politisk stabilitet har gjort øystaten til eit føregangsland i Afrika. Samtidig er landet også eit skatteparadis og har fått eit kritisk søkelys på seg for det.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Den største utfordringa for Mauritius ligg i økonomien. Landet er svært sårbart for endringar i verdsøkonomien og har slitt med verknaden av ei global finans- og eurokrise. Dei viktigaste økonomiske samarbeidspartnarane finn vi i EU (særleg i England og Frankrike) og i USA, men nye stormakter, med Kina, India og Sør-Afrika i spissen, blir stadig viktigare.

Mauritius har eit parlamentarisk styresett der ulike politiske parti konkurrerer om veljartilslutning ved regelmessige val. Parlamentet vel presidenten som i sin tur utnemner ein statsminister og ei regjering. Sidan sjølvstendet frå kolonimakta England i 1968 har landet vore politisk dominert av Labour Party. Dei har regjert i dei fleste periodane – åleine eller i koalisjon med andre parti. Dei politiske skiljelinene mellom partia har likevel alltid vore flytande og alliansemønstra skiftande. Personlege relasjonar mellom førande politiske leiarar synest ofte viktigare enn politisk plattform.

Sidan valet i 2010 har ein regjeringskoalisjon med Labour Party i spissen hatt knapt fleirtal i parlamentet. Opposisjonen har blitt meir styrka og samla i kjølvatnet av nye problem i økonomien. Ved parlamentsvalet i desember 2014 gikk Labour, da i allianse med tidlegare opposisjonsparti, på eit svært stort og overraskande valnederlag. Under leiing av ein gamal veteran i mauritisk politikk, 84 år gamle Anerood Jugnauth, skulle Movement for Socialist Militancy (MSM) i valallianse med to mindre parti få snaut 50 prosent av stemmene og 75 prosent av setene i parlamentet. MSM var tidlegare med i den Labour-styrte regjeringskoalisjonen.

Hinduer største folkegruppe

Mauritius har også ei etnisk samansett befolkning – kvite, kinesarar, hinduar, kreolar og muslimar. Befolkninga er etterkommarar etter ei rekke folkegrupper frå Afrika og Asia og frå europeiske kolonimakter, som har busett seg der sidan 1600-talet. Mauritius var ubudd da hollendarane først erobra øygruppa i 1598. Dei drog i 1710, og fem år seinare tok Frankrike over, før England erobra området i 1810 under Napoleonskrigane. 

I dag er den største og politisk dominerande folkegruppa hinduane, som utgjer eit knapt fleirtal av befolkninga. Mauritius er det einaste landet i Afrika der hinduane utgjer fleirtalet. Dei er etterkommarar av indiske kontraktarbeidarar som blei henta til arbeid på dei europeisk-eigde sukkerplantasjane. Den nest største gruppa er kreolane, som er etterkommarar etter slavar henta frå det afrikanske fastlandet og Madagaskar, men også med islett frå indisk så vel som fransk og anna europeisk innvandring. Kristne utgjer rundt 30 prosent og muslimane rundt 17 prosent av befolkninga.

Fleirtalet i parlamentet og regjeringa er også hinduar, men det blir lagt stor vekt på å sikre at dei ulike folkegruppene er representert. Valsystemet gir i dag valkommisjonen høve til å utnemne enkelte medlemmar av parlamentet for å sikre representasjon for underrepresenterte etnisk-religiøse grupper. Ein pågåande debatt om revisjon av vallov og konstitusjonelle endringar har skapt politisk strid. Blant anna har forslag om innføring av eit valsystem basert på proporsjonalitet ført til uro, fordi dette vil kunne svekke ordninga ein nå har med direkte utnemning av representantar for minoritetar.

Mauritius skårar svært høgt på ulike indikatorar på styresett. Den årlige Mo Ibrahim-indeksen gir ein klar førsteplass til Mauritius blant dei 53 afrikanske landa som er vurdert. Sidan 2006 har kvaliteten på styresettet blitt stadig betre, særleg på områda sikkerhet og rettsvesen, ifølge indeksen. Lågast scorar dei på kjønnsrelasjonar, der eit knippe andre afrikanske land ligg foran på lista.

Økonomi

Mauritius har hatt ein sterk økonomisk vekst basert på fire hovudsektorar, sukker, tekstilar, turisme og finans, som alle er sårbare for globale endringar. Sidan 1970-talet var de store eksportkvotene for sukker til EU spesielt innbringande for plantasjeeigarane – dei fleste var europearar. Dette ga kapital for investering i industriproduksjon, særleg av tekstilar som eksporterast til den amerikanske marknaden, og tekstilproduksjonen ble ytterligare stimulert av investeringar frå Hong-Kong-kinesarar på 1990-talet. Neste steg var ein sterk vekst i tenesteyting, særleg turisme og finans. I det siste har det og vore sterk vekst i eigedomsbransjen grunna storstilt utbygging av bustadfelt for rike utlendingar frå særleg Sør-Afrika og Europa.

Mauritius er dessutan eit viktig skatteparadis, og gjennomstrømminga av kapital er svært omfattande i forhold til størrelsen på økonomien. Det genererer lite skatt, men samtidig ein sterk vekst i finanssektoren. Ein reknar også med at dei kinesiske og indiske investeringane i Afrika i stor grad er kanalisert gjennom skatteparadis som Mauritius.

Mauritius tilhøyrar gruppa av øvre middelinntektsland, og samanlikna med andre afrikanske land er ein relativt liten del av befolkninga, under 10 prosent, fattig, og under ein prosent lev i dag i ekstrem fattigdom.Mauritius er det afrikanske landet sør for Sahara som skårar høgast på FN sin indeks for menneskeleg utvikling, og eit av få afrikanske land som kan nå dei fleste av tusenårsmåla til FN. Dette til tross, økonomiske skiljeliner følgjer i ein viss grad etniske skilje. Etterkommarane av franske plantasjeeigarar – som er berekna å utgjere om lag 2 prosent av befolkninga – kontrollerer store delar av økonomien, mens kreolane er overrepresentert blant dei fattigaste.

Utviklinga framover dreier seg i stor grad om å gjere seg mindre økonomisk sårbare ved å skape seg eit økonomisk fotfeste som eit regionalt senter for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Styremaktene prioriterer også den vidare utviklinga særleg innan fiske og turisme. Det er dessutan viktig for Mauritius å knytte tettare band til nye framveksande økonomiar som India og Kina, som er viktige eksportmarknader og investeringskjelder. Kina har tatt til å bygge ut ei økonomisk utviklingssone i landet, som er tenkt som sentrum for å tiltrekke seg kapital og teknologi innan tenesteyting og informasjon. Skal Mauritius lukkast med den økonomiske omstillinga vil det også vere viktig med investeringar i utdanningsvesenet og i infrastruktur.

Internasjonale tilhøve

Mauritius er medlem av Samveldet, men har også eit politisk angstrengt forhold til England grunna striden rundt øygruppa Chago, som ligg rundt 1000 km nordaust. Den hørte til Mauritius, men blei skilt ut før landet fekk sjølvstende og er fortsatt under britisk styre. Alle innbyggarane blei forvist til Mauritius på 1970-talet, og dei som bur der i dag, er knytt til den amerikanske militærbasen Diego Garcia på den største av Chago-øyane, som USA leiger av England. Mauritius gjer krav på øygruppa og på at dei som er drive i eksil skal få høve til å vende tilbake.

Mauritius er eit aktivt medlem av fleire regionale samarbeidsorganisasjonar, slik som Den afrikanske unionen, Kommisjonen for det indiske havet (IOC) og samarbeidsorganisasjonane for det sørlege Afrika (SADC) og det austlege og sørlege Afrika (COMESA). Mauritius har særleg markert seg i arbeidet med å få på plass felles indre marknadar.


Andre landprofiler:
2012-2013, 2010-2011, 2008-2009, 2002-2003, 2000-2001
Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe