Afrika.no Meny

Landprofil 2014-2015

Libya

Etter at regimet til Mu‘ammar al-Qadhafi vart felt i 2011, har Libya falle ned i ein spiral av stadig verre kaos, med to regjeringar og mange militsar som kjemper om makt i ulike delar av landet.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Qadhafi-styret hadde vore bygd opp rundt Qadhafis person utan noen former for politiske representative organ. Dei nye makthavarane måtte derfor bygge opp eit politisk system, og langt på veg også eit nytt statsapparat, frå bar bakke.

Utviklinga vidare vart prega av korleis det gamle styret vart felt. Opprørarane hadde eit Nasjonalt overgangsråd som leiande organ, men kampen vart ført av ei lang rekke sjølstendige lokale militsar. Desse beheldt styringa i sine ulike områder og tok relativt liten notis av dei nye statsorgana som Overgangsrådet oppretta.

Militsane

Det var uklart kor mange militsar som fantes i landet, sidan mange av dei var grupper som oppstod rundt ein lokal leiar som kunne vere meir eller mindre tett alliert med andre grupper i ulike milits-alliansar. Det har vore nemnt tal på opp til 1,600 ulike militsar i landet.[1] Dei aller fleste av desse er stadbundne, og arbeider for å sikre ”sin” by, landsby eller nabolag, utan spesielle ideologiske markørar. Slike lokale militsar kan også falle sammen med stammeidentitet, sidan Libya er eit av dei landa i Midtausten som er sterkast prega av sosial organisering i stammar. Noen militsar oppstod likevel også på meir ideologisk islamsk grunnlag, ikkje minst i den austlige delen av landet (Cyrenaica).

Politisk krangel

Utover 2012 og 2013 vart det gjort forsøk på å opprette politiske parti, med tanke på val til eit parlament som så skulle nedsette ei grunnlovgivande forsamling. Valet til denne Generalkongressen i 2012 vart likevel i hovudsak eit val på enkeltpersonar, det som kom nærmast å fungere som eit parti var det nyoppretta Muslimske brorskapet, med inspirasjon frå Egypt. Statsministeren kom likevel frå eit meir vestlig-liberalt straumdrag.

Kongressen begynte å bygge statlige institusjonar, men klarte ikkje vinne autoritet over militsane. I staden samarbeidde dei med leiande militsar. Noen av desse fekk t.d. status som politi og hæravdelingar, sjøl om dei framleis heller tok ordre frå sine militsleiarar enn frå statsmakta.

Utover i 2013 og 2014 auka spenninga både mellom politikarar og mellom militsar. Fleire grupper i aust forlangte autonomi eller helst sjølstende for Cyrenaica, og ein milits der klarte å blokkere oljehamnene i lengre tid og slik redusere eksporten. I aust oppstod det også meir radikale islamistiske grupper, mellom dei Ansar al-Shari’a, som mest trulig sto bak mordet på USAs ambassadør i Benghazi i 2012.

I vest stod rivaliseringa mellom to store milits-alliansar på geografisk basis, ein frå småbyen Zintan i vestfjella, den andre frå Libyas tredje største by Misurata. I 2014 braut det ut regulære kampar om kontrollen over hovudstaden Tripoli. Kvar av dei knytte seg også til kvar si gruppe parlamentarikarar, slik at Misurata-militsen støtta ei gruppe der også Brorskapet deltok, mens Zintan støtta gruppa som vart karakterisert som ”liberal”.

To parlament, to regjeringar

I juni 2014 vart det halde nyval, der Generalkongressen skulle erstattas av ei ny Deputerforsamling. Samtidig hardna kampen om Tripoli seg til. Da vala viste at den liberale blokken hadde styrka seg og fått fleirtal, samtidig som ”deira” Zintan-milits tapte slaget om Tripoli til fordel for Misurata, flykta fleirtalet av dei nyvalde austover til byen Tobruk, nær grensa til Egypt, og etablerte seg der. Mindretalet nekta å godkjenne dette, og gjenoppretta den gamle generalkongressen i Tripoli. Begge forsamlingane utnemnde kvar si regjering og gjorde begge krav på å styre Libya. Det internasjonale samfunnet anerkjenner Tobruk-regjeringa, som er gått ut av det sist avhaldne valet, mens Tripoli-regjeringa ser ut til å kontrollere det som finnes av statsapparat sentralt.

Til sammen kontrollerer dei to regjeringane trulig ikkje meir enn kanskje 10-20 prosent av landområdet i Libya. Tobruk-regjeringa har knytt seg til ein viktig milits i aust leia av tidligare general Khalifa Heftar, som har arbeidd for autonomi for Cyrenaica, og som har klart å samle rundt seg mange militære med erfaring frå tida før revolusjonen. Heftar vart da også utnemnd til hærsjef av Tobruk-regjeringa og kallar si gruppe for Libyas nasjonale hær. Både han og Tripoli-regjeringas Misurata-milits har m.a. eit luftvåpen.

Framvekst av IS

Heftar og Tobruk-regjeringa mobiliserer kraftig på motstand mot islamisme og peiker på at Det muslimske brorskapet er del av Tripoli-alliansen. Denne alliansen er heterogen, men det er klart eit innslag av i hovudsak moderate islamistar. I 2014 etablerte ei gruppe alliert med IS seg i byen Derna aust i landet. Dei vart pressa ut derfrå, men tok byen Syrte lenger vest i 2015 og breidde seg ut til områda rundt. Dei har også angripe oljeinstallasjonar og ligg i kamp med begge regjeringane i landet.

Det er også uro i andre delar av Libya, i sør er det meir regulære stammestrider, ikkje minst mellom minoritetsgruppene tuaregar og tedaer (toubou), og størstedelen av landet er trulig styrt av lokale grupper som ikkje er del av noen av dei tre store alliansane i nord.

Olje

Libyas økonomi er heilt dominert av oljeproduksjon, som tok seg raskt opp att etter krigen i 2011. Men seinare har denne blitt skadelidande, og var i 2014 redusert til under det halve av normalt nivå.

Libya er slik prega av eit kaos av stadig meir fragmenterte krefter, der ideologi og islam blir blanda med lokale maktkampar, stammekonflikt og personstrider. Egypt støttar Heftar og Tobruk-regjeringa, samtidig som omverda ser med uro på framveksten av IS i det politiske tomrommet i landet. FN har involvert seg for å skape ei samlingsregjering mellom dei to partane i Tobruk og Tripoli, men har blitt motarbeidd av stridbare krefter og militsar i begge leiarar. Ved utgangen av 2015 hadde de ikkje nådd fram med dette arbeidet.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe