Afrika.no Meny
Thomas Sankara:

Lagar framleis bråk etter 29 år i grava

Han vert kalla Afrikas «Che Guevara», og sjølv om han døde tilbake i 1987, påverkar han framleis politikken i Burkina Faso. Dette er historia om Thomas Sankara.

Han var berre 33 år då han i 1983 tok makta i landet som den gongen heitte Øvre Volta. Thomas Sankara tok makta ved eit kupp, og han vart raskt ein populær leiar i det vestafrikanske landet. Han var ein karismatisk person, trygt plassert på venstresida av politikken, og med den kubanske revolusjonen som eit slags førebilete.

Banebrytande om sletting av gjeld

Sankara skulle bli ein mann for historiebøkene, og hans namn klinger framleis bra i mange øyre i landet som no heiter Burkina Faso. Ja, det var faktisk Sankara som gav det vestafrikanske landet eit nytt namn. Han kvitte seg med koloniherrane sitt gamle «Øvre Volta», og døypte landet til «Burkina Faso», eller «det hederlige folkets land».

Namneendringa skulle ikkje bli Sankara sin einaste måte å vise avstand til dei tidlegare koloniherrane og Vesten elles på. Hans politikk var sterkt antiimperialistisk, og han var ein tydeleg motstandar av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, som han meinte stilte urimelege krav til Burkina Faso og andre afrikanske land.

Utlånarane døyr ikkje om vi ikkje betaler. Men vi døyr om vi betaler.

Han ville at gjelda som tidlegare afrikanske diktatorar hadde tatt opp skulle slettast, og at Vestens diktering overfor Afrika skulle ta slutt. Så seint som tre månader før han døde heldt han ein banebrytande tale om gjeld på toppmøtet i Organisasjonen av afrikanske stater (OAU).

Sankaras besøk til Moskva i 1984 gjorde han ekstra upopulær i både Vesten og i nabolanda. Sankaras regjeringstid var midt under den kalde krigen, og Afrika var ei av fleire viktige brikker i USA og
Sovjetunionen sin kamp om posisjonar.

Billig bil, jogging og bistandsnekt

Sankaras sosialistiske tankegang gjennomsyra det meste han tok seg til. Burkina Faso skulle gjennomføre ein jordbruksreform og landets bønder skulle sørge for at landet vart sjølvforsynt, folket skulle få utdanning, og millionar av vaksiner skulle bli delt ut til folket.

Sankara tok også eit oppgjer med lokale praksisar som kvinneleg kjønnslemlesting, tvangsekteskap og fleirkoneri, og vart difor sett på som ein forkjempar for kvinners rettar.

Han står også bak nokre litt mindre viktige, men likevel symboltunge handlingar, som å selje presidentens Mercedes og gå til innkjøp av ein Renault 5 – den billigaste bilen ein kunne finne i Burkina Faso på 80-talet. Eller at han var ein habil gitarist som laga ein ny
nasjonalsong til Burkina Faso. Eller at han jogga rundt i Ouagadougou utan vakter på slep. Eller at han kravde at rike byråkratar skulle gje ein månadsløn i året til offentlege prosjekt. Eller at han motsette seg all utanlandsk bistand med grunngjevinga: «Han som gjev deg mat, han kontrollerer deg».

Kva skjedde eigentleg då Sankara døde?

Sankara hadde mange tilhengjarar, men også fleire fiendar, og det skulle ta slutt etter berre få år ved makta. I oktober 1987 døde Thomas Sankara i eit statskupp. Han fikk ikkje nokon hjelp frå venane i Moskva som var meir opptekne av sine eigne problem, og Blaise Compaoré var mannen som tok over makta i Burkina Faso. Den hadde han fram til oktober 2014, då det var han sin tur til å bli kasta frå presidentstolen etter 27 år ved makta. Det skjedde etter ein lang rekke breie folkelege protestar, til dels inspirerte av Sankara.

Foto: NTB Scanpix/Reuters

Mange av dei som tok del i det folkelege opprøret mot president Blaise Compaoré i 2014 var inspirerte av Thomas Sankara. Foto: NTB Scanpix/Reuters

Sidan kuppet i 1987 har Compaoré vore skulda for å drepe Sankara, men han har heile tida nekta for å ha noko med det å gjere. I dei offisielle papira står det at Sankara døde ein naturleg død, og Compaoré har sett ned foten for alle forslag om etterforsking av kva som eigentleg skjedde.

Men då Compaoré sine dagar som president var talte, og han rømte landet, så opna det seg også ein moglegheit til å få eit svar på
spørsmålet så mange i Burkina Faso vil ha svar på.

Arrestordre på Compaoré

Familien til Sankara godtok at det som ein trur er liket vart grave opp att og undersøkt. Og liket som vart grave opp var ifølgje familiens advokat «pepra med kuler». Men det var ikkje mogleg å lage ein DNA-profil av liket som vart gravd opp, og dermed er det vanskeleg å slå fast at liket faktisk er Sankara.

No har Sankaras attlevande familie skulda Compaoré for mord

No har Sankaras attlevande familie skulda Compaoré for mord, og det
er sendt ut ordre om arrest på presidenten som bur i eksil i Elfenbeinskysten. Og der står saka, utan noko løysing endå.

29 år etter sin død påverkar Sankara framleis Burkina Faso. Ikonet fekk aldri tid til å bevise om han var ein god eller dårleg president. Men Sankaras alternative politikk og hans burkinske revolusjon har for alltid fått tid i historiebøkene. Som han sjølv sa berre ei veke før sin død:

«Revolusjonære som individ kan bli myrda, men idear kan ein aldri drepe».


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.